Arbeidsoppgaver og lenkeforslag til HHD nr. 4 2014

Les artikkelen

Oppgaver

  1. Kva er dei to store religionane i Nigeria? Korleis er folket fordelt på dei to?
  2. Kor stor del av Nigerias eksportinntekter kjem frå oljesektoren?
  3. Kva meiner ein med Nollywood?
  4. Kor stort er Nollywood samanlikna med Bollywood og Hollywood?
  5. Kva betyr namnet Boko Haram? Korleis har Boko Haram endra karakter sidan 2002.
  6. Kva er meint med amnestiprogram?
  7. Kva er ECOWAs? Bruk internett til å finne ut meir om verksemda til ECOWAS, mellom anna operasjonar der organisasjonen har vore engasjert.
  8. Gjør greie for kva for motsetnader og sjølvmotseiingar Nigeria er fylt av.
  9. Korfor blei det strid i Nigeria då Goodluck stilte til val i 2011?
  10. Korleis har vassmengda i Tsjadsjøen utvikla seg i seinare år?
  11. Kva for eit kompromiss har muslimske og kristne leiarar i Folkets demokratiske parti inngått om leiarskapen i partiet?
  12. Korleis er rikdom fordelt mellom nord og sør i Nigeria?
  13. Gjør greie for kva det vil seie at forteljinga om Nigeria er ei forteljing både om vanstyre, men også om ein gigant.
  14. Gjør greie for korfor Niger-deltaet er eit problem for både folk og styresmakter i Nigeria.
  15. Bruk medier til å gjøre greie for kva Biafrakrigen var og bakgrunnen for den.
  16. Diskuter kva det vil seie at muslimsk ungdom nord i Nigeria kjenner seg mellom barken og veden.
  17. Bruk internett til å finne ut om arbeidet til menneskerettighetsaktivisten Ken Saro Wiva. Kven sine rettar arbeidde han for, med kva for middel og med kven som motpartar?
  18. Diskuter påstanden «Konfliktar og sosial uro i Nigeria skuldast oljepolitikk, økonomisk vekst utan fordeling og frustrasjon over manglande reell demokratisk deltaking».

Lenkeforslag til denne artikkelen

Relaterte kompetansemål