Skoleoppgaver og undervisningsmateriell er flyttet til NUPI Skole

Hvor hender det?

NUPIs artikkelserie om internasjonal politikk
Foto: stillpictures.com

Fujifjellet, Japans høgaste. Det industrielle Japan har brakt landet til dei høgaste tindar økonomisk. Militært har landet lenge vore ein dverg. Kva skjer med denne ubalansen?

Japan: Frå trussel til trua? 1

Publisert: 11. nov. 2007

Mot slutten av 1980-åra kunne det sjå ut til at Japan skulle ta på seg den globale leiartrøya. Ein professor ved Harvard-universitetet i USA, Ezra Vogel, utløyste ein oppheita diskusjon då han ga ut boka Japan som nummer ein. I boka framsette han tanken om at Japan kunne komme til å ta over for USA som den leiande statsmakta i verda.

I boka si kunne Vogel vise til den framhaldande og makelause japanske økonomiske og teknologiske veksten. I aukande grad hadde denne veksten overtydd og varsla stadig fleire observatørar, især når den blei samanlikna med den meir og meir gjeldstynga og stivna amerikanske økonomien. Det japanske eventyret utløyste mot slutten av 1980-åra eit skred av bøker om amerikansk nedgang, med Paul Kennedys Stormakters vekst og fall (sjå over) som den fremste .
 

2: Spådommar utan ...

I ettertid kan det vere vanskeleg å forstå at noen i det heile kunne tru at eit lite land, fattig på naturressursar og på storleik med Norge skulle kunne passere USA og bli den økonomisk leiande makta. Kortforklaringa er nok at Japan for mange synest å ha gjenoppfunne økonomisk utvikling gjennom ein hybridmodell som kombinerte innslag både frå sentralplanlegging og frå kapitalisme. Den japanske mirakeløkonomien blei sett som bevis på kor overlegen modellen var. Av ein leiande forskar blei den japanske utviklingsmodellen hylla som den kapitalistiske utviklingsstaten.

Korfor trudde mange rundt 1990 at Japan skulle bli den leiande makta i verda?

3: Starten på oppturen

Det japanske oppsvinget tok til med utbrottet av Koreakrigen i 1950. USA, som framleis okkuperte Japan, ga då store ordrar på militært utstyr til den japanske industrien. Dette var starten på den eineståande japanske økonomiske veksten. Også etter at Koreakrigen var over i 1953, fortsatte økonomien å blomstre. Økonomiske byråkratar, især i handels- og industridepartementet, styrte den japanske industrien over på sivil produksjon.

I 1960-åra blomstra økonomien med gjennomsnittleg årleg vekst på nær 10 % – den lengste perioden med så høg økonomisk vekst av alle land på den tida. Japan gjekk forbi både Tyskland, Frankrike og Storbritannia og blei den tredje største økonomien i verda, etter dei to supermaktene USA og Sovjetsamveldet. Den voldsomme veksten auka Japans internasjonale status: Landet kom med i OECD og blei invitert til det første G5-toppmøtet i 1975 – forløparen til dagens G8-møte.

4: Oljesjokk og energisparing

Den sterke veksten heldt fram til oljesjokket i 1973. OPEC-landas kutt i oljeproduksjonen og sterkt aukande oljeprisar ramma den japanske økonomien hardt. Sjølv daglegvarer gjekk butikkane tomme for fordi fabrikkane mangla drivstoff. Etter dette tilbakeslaget klarte Japan aldri heilt å nå samme økonomiske vekst som før. Landet kom seg likevel raskt på beina, og planleggingsbyråkratane arbeidde hardt for å redusere energibruken i økonomien. Mellom anna la dei om til langt mindre energikrevande produksjon – frå tungindustri og råvareindustri til høgteknologisk industri.

Japan gjennomførte denne overgangen hurtigare og meir fullstendig enn dei fleste andre industrilanda. Sjølv om veksten aldri igjen kom opp mot nivået i 1960-åra, var den likevel større enn i dei andre industrilanda. Dermed kunne landet i 1980 passere Sovjetsamveldet og bli den nest største økonomien i verda, ein posisjon landet framleis har. Landet heldt fram med å ha større vekst enn dei andre store industrilanda i 1980-åra. Ja, i andre halvdel av 1980-talet tiltok veksten.

5: Frykt for japanarane

I denne perioden sette det japanske overskottet i handelen med USA nye rekordar, sjølv etter at verdien på japanske yen blei skriven opp etter forhandlingar med USA. Og den auka yen-verdien ga japanske investorar ressursar til å reise ut på internasjonal kjøpefest. Amerikanske ikon, som Rockefeller-senteret i New York og plateselskapet Columbia Records blei kjøpte opp av japanske selskap, akkurat som dei fleste toppeigedommane ved Waikikistranda i Honolulu (Hawai). Dette utløyste misunning og frykt i USA. Amerikanarane frykta meir og meir at økonomien deira (selskap og eigedommar) blei kjøpt opp og at landet blei kolonisert av Japan.

 

6: Bobleøkonomi i Japan

Heime i Japan bevega økonomien seg inn i ukjent farvatn, særleg eigedomsmarknaden som blei haussa meir og meir opp. I 1989 var den antatte samla verdien på eigedommane i sentrum av Tokyo høgare enn på all eigedom i USA. Den japanske aksjemarknaden, målt med Nikkei-indeksen, steig til nye høgder. Ei opprømt kjensle (eufori) over økonomien og framtida spreidde seg over landet, mellom anna kjenneteikna ved den sterke populariteten til Beethovens 9. symfoni (Sang til gleda).

Tidleg i 1990 såg til slutt noen kva denne utviklinga eigentleg dreidde seg om – ei spekulasjonsboble. Det var ikkje til å unngå at bobla brast; aksjemarknaden fekk beina på jorda att og eigedomsprisane tok til å stupe. At bobla brast, førte Japan inn i ein vedvarande nedgangsperiode. Frå å ha vore ei vekststjerne fall Japan ned i økonomisk stagnasjon, og sakka akterut i forhold til alle andre avanserte økonomiar.

7: Korfor brast bobla?

Det som er blitt kjent som det tapte tiåret, blei – sett på overflata – skapt av ei enorm mengd dårlege lån (dårleg kredittvurdering og låntakarar med låg betalingsevne) i kombinasjon med fallande prisar på eigedom. Meir grunnleggande skyldast krisa

  •  eit banksystem som hadde blitt gira inn på enorm kapitalinnsprøyting til den veksande japanske industrien
  • at denne industrien hadde modna og ikkje lenger hadde så store behov for kapital
  •  at ledig kapital i store mengder dermed fann vegen over til eigedoms- og aksjemarknaden.

I ettertid kan vi seie at den japanske utviklingsmodellen var framifrå når det gjaldt å hente igjen andre i-land. Den kombinerte

  •  ein stor og verna innanlandsk marknad
  •  høgt kvalifisert og utdanna – men likevel føyeleg – arbeidskraft
  •  lett tilgang til pengar (dårleg kredittvurdering) frå hyperaktive bankar i tospann med
  •  eit særs kompetent elitebyråkrati med gode antenner for det som rørte seg i andre avanserte land og for naudsynte tilpassingar av den japanske økonomien.

Problemet var at så snart Japan hadde nådd igjen Vesten, var det ikkje lenger noen modell å følge, og byråkratiet mista evna til å leie. Japanske eksportørar blei rike og trong ikkje lenger låne særleg mye kapital frå bankane. Pengane blei då spreidde ut over heile økonomien for i neste omgang å bidra til spekulasjonsbobla. Samtidig fekk innanlandske interessegrupper auka makt, noe som gjorde det vanskelegare for elitebyråkratane å dirigere økonomien og motstå krav om vernetiltak. Bak den sterke økonomiske veksten i tiåra før 1990 låg det ei tiltakande deling av økonomien i særs konkurransedyktige eksportsektorar og meir og meir ineffektive importørar og andre sektorar.

Det tapte tiåret – som varte til ca. 2003 – var derfor ei djup systemkrise for den japanske økonomien. Det tok ei tid før folk fekk auga opp for denne røyndommen. Det var derfor først mot slutten av 1990-talet at dei fleste verkeleg innsåg kor djupt dei økonomiske problema stakk. Ein innsåg då at det måtte grunnleggande reformer til for å få økonomien på fote igjen. Det var også først no at «alle» innsåg at Japan ikkje lenger kunne bli sett som ein trussel. Faktisk blei Japan frå no av heller sett på som ein fare meir enn som ein trussel – med økonomiske problem som kunne trekke andre med seg i dragsuget.

8: Redusert internasjonal status

Da den økonomiske lykka snudde totalt på 1990-talet, tapte landet også internasjonal status. Ikkje minst i det økonomisk framgangsrike Asia blei statusen svekt. Visseleg var Japan i førarsetet ved inngangen til 1990-åra. Landets økonomi hadde vore meir verd enn den samla økonomien til alle andre austasiatiske land, inkludert den kinesiske. Den vedvarande økonomiske dominansen hadde gitt Japan sjølvtillit til å ta leiinga i regionen – om enn på stillferdig vis. I trygg forvissing om sin sterke økonomi såg Japan fram mot å bruke sin økonomiske makt til å overtale eit svekt Russland til å gi tilbake visse nordlege område (fire øyer og noen holmar i Sør- Kurilane), og normalisere forholdet til det økonomisk forkrøpla Nord-Korea på ein fordelaktig måte.

Tidleg på 1990-talet var den store frykten i Aust-Asia at Japan skulle rykke inn og fylle makttomrommet etter det sovjetiske samanbrottet og det reduserte amerikanske militære nærveret – etter to supermakter «på veg heim». Denne frykta vekte til liv igjen historiske minne og asiatiske trusselforestillingar om Japan – forestillingar med rot i brutale invasjonar og okkupasjonar av store delar av regionen fram til 1945. Når verken USA eller Sovjet lenger skulle demme opp for Japan, tok bildet av eit «Japan-spøkelse» til å vekse fram mellom mange austasiatar.

Illustrasjon: politicalcartoons.com

To asiatiske gigantar – den kinesiske draken og den japanske samuraien. Kva for sterke og svake sider har dei to?

9: Maktskifte

Etter som 1990-åra skrei fram og den japanske økonomien fortsatte å stagnere og den kinesiske å vekse, avtok frykta i nabolanda. Det som for alvor tok til tidleg på 1990-talet, og som har vart fram til i dag, er derfor eit stort maktskifte frå Japan og over til Kina. Allereie midt på 1990-talet var Kina blitt den leiande handelspartnaren for dei fleste landa i Aust-Asia, også for Japan sjølv. Eit teikn på at lykka hadde snudd, er at Kina passerte Japan som landet med høgast handelsoverskott i handelen med USA. I dag er det japanske overskottet lite samanlikna med Kinas. Japan er ikkje lenger den økonomiske hovudtrusselen i auga til amerikanarar som krev vernetiltak for sine økonomiske interesser.

 Den kinesiske veksten og den japanske stagnasjonen har bidratt til å svekke Japans sjølvtillit samtidig som det har nørt opp under frykta mellom andre asiatar for «den nye japanske trusselen» – den kinesiske. Meir enn det økonomiske omsvinget har dette utfordra japanaranes sjølvbilde som den «naturlege økonomiske leiaren» i regionen. Problemet blei forsterka av den diktatoriske atommakta Nord-Korea. På éin dag klarte Nord-Korea å punktere Japans illusjon om å vere usårbart og overlegen alle landa rundt. Den 31. august 1998 skaut Nord-Korea opp ein totrinns Taepodong- rakett som gjekk over Nord-Japan og landa i Stillehavet aust for Japan. 

Merk at artikkelen held fram i neste utgåve.

Illustrasjon: politicalcartoons. com

Farleg muskelspel. Den nordkoreanske diktatoren Kim Jong-il spelar og truar med atommusklane sine. Den tidlegare japanske statsministeren Abe er militært bunden av grunnlova.