Skoleoppgaver og undervisningsmateriell er flyttet til NUPI Skole

Hvor hender det?

NUPIs artikkelserie om internasjonal politikk

Konfliktar i dag: 2007-mai 2008

Publisert: 12. mai 2008

Krigar og andre alvorlege væpna konfliktar er i dag i all hovudsak borgarkrigar eller andre indre konfliktar. Den typiske krigen mellom statar – slik vi kjenner den gjennom fleire hundre år – speler på langt nær same rolle som før. I verdas mange væpna konfliktar – store som små speler ikkje-statlege partar ei meir framtredande rolle enn tidlegare. På ein måte kan vi tale om ei avstatleggjøring – ei privatisering – av krigens ansikt.

2: Kor finn vi dei alvorlege konfliktane?

Talet på borgarkrigar (krig: meir enn 1000 drepte i kamp i løpet av eitt år) og andre alvorlege konfliktar (i hovudsak >100 drepne osb.) har gått ned sidan midten av 1990- talet. For 2007 melder Konfliktbarometer 2007 (sjå kart) om 31 alvorlege konfliktar i verda – fem færre enn i 2006. Dette vil seie konfliktar på dei to øvste og mest konfliktintensive av i alt fem konfliktnivå (sjå figur 1). Alle var indre konfliktar, og seks av dei blei karakteriserte som krig. Kartet omhandlar i hovudsak bare desse konfliktane. Samtidig finn vi ein stor underskog av konfliktar som ikkje er så altøydeleggande som dei alvorlegaste konfliktane, men som likevel inneheld bruk av sporadisk vald (kategori 3 i figur 1), trugande ordbruk (2) eller uløyste grensespørsmål (1).

3: Indre konfliktar kan spreie seg

Med moderne kommunikasjonar, billegare transport og betre teknologi i ei globalisert verd «smittar» borgarkrigar fort, især til omliggande land, men også til det globale samfunn. Det kan skje i form av flyktningar, organisert kriminalitet, smittsame sjukdommar, politisk uro, økonomiske problem, valdslæring (at vald løner seg) eller anna. Omverda blir derfor ofte berørt av borgarkrig. Fagfolk taler om transnasjonalt – grenseoverskridande – preg ved borgarkrigar. Historia kan syne fram meir enn eitt eksempel på borgarkrigar som spreier seg til naboland. Borgarkrigen i Rwanda spreidde seg til Zaire (no Kongo); dei siste åras borgarkrigar i Vest-Afrika må ein sjå i dette lyset osb.

Men straumane går ikkje bare den eine vegen. Flyktningar frå konfliktar i ei rekke land utgjør diasporaer (Om internflyktningar) fjernt frå heimlandas krigsskodeplassar. Frå sine eksil bidreg dei ofte med å finansiere «sin konfliktpart». Korleis påverkar det eit konfliktforløp at folk i eksil nærer sin part med pengeoverføringar samstundes som dei slepp å ta konsekvensane i form av drepte familiemedlemmar, frykt for eigne liv osb? Ikkje sjeldan blir éin verknad at krigen og konflikten varer mye lenger enn dei lokale ressursane skulle tilseie. Og kva er det ikkje som også bidreg til å halde liv i konfliktar om ikkje «suget» i omverda etter til dømes diamantar, narkotika og olje?

4: Korfor flest indre konfliktar?

Grunnane til at vår tids opne konfliktar først og fremst dreier seg om indre strid, kan vere fleire og visseleg variere frå konflikt til konflikt: Det er blitt enklare å skaffe seg lette småvåpen utanfrå (automatgevær, granatkastarar). Slik er det blitt mulig sjølv for små aktørar, kan hende med lita oppslutning, å gjøre seg gjeldande med bare eit minstemål av våpen og folk. 

På den andre sida kunne vi også ha spurt om korfor det er blitt færre mellomstatlege krigar: Auka gjensidig avhengigheit mellom landa har auka kostnadene og motviljen mot å gå til krig. Ein krig kan øydelegge eigen ressurstilgang, eigen eksport eller eigne utanlandsinvesteringar. Mange vil også seie at det ligg mindre økonomisk nytte i krig enn før – vegen til velferd går meir gjennom internasjonal handel og utanlandsinvesteringar enn gjennom å hærta land og fysiske ressursar.

5: To motstridande utviklingstrekk

Vi ser at land i nord utstyrer seg med stadig dyrare, høgteknologiske våpensystem – med til dels enorme innkjøps- og driftskostnader, som stort sett bare statar kan makte å finansiere. I ei tid med valdsam militær-teknologisk utvikling er det i større grad opna for meir teknologiske løysingar og bruk av færre og ofte meir profesjonelle soldatar enn før.

På den andre sida utspeler det noen kallar dei nye krigene, seg først og fremst i sør. Og dei er prega av relativt billige og lette våpen som er enkle å handsame, blant anna landminer. Dette er våpen som er særs verknadsfulle, som mange kan skaffe seg og som er lette både å transportere, skjule, smugle og bruke.

6: Dei nye krigane

Kva kjenneteiknar så dei nye krigane utover lette og relativt billige våpen? Eitt viktig moment er ei avstatleggjøring. Ikkje-statlege grupper eller halvmilitære er i langt større grad enn før involverte i politisk motivert valdsbruk – i væpna konfliktar. Dessutan er mange av gruppene meir styrde av kommersielle (tene pengar) enn av tilsynelatande politiske interesser. Det er då karakteristisk for nye krigar at staten i fleire land i sør har tapt sitt monopol på maktbruk.

Samanhengen med det faktum at vår tids krigar i all hovudsak er borgarkrigar er klar: I ein indre konflikt er gjerne minst éin ikkje-statleg gruppe part i ein væpna konflikt enten med regjeringa i eit land og/eller med andre ikkje-statlege grupper i same land. Slike grupper kan spenne over ein skala som strekkjer seg frå internasjonale leigesoldatar og lokale krigsherrar via privattilsette forsynings- og vaktarbeidarar via sterkt religiøst-ideologisk motiverte krigarar til dei yngste barnesoldatar. Med denne spennvidda blir også skiljet mellom stridande og ikkje-stridande uklart. I hovudsak står striden om regjeringsmakt eller om eit territorium innanfor eit land (sjå tekstboks Stridens kjerne).

Avstatleggjøringa går saman med ein tendens til avdisiplinering av styrkane. Generelt har ikkje-statlege grupper langt svakare – om noen i det heile – opplæring i internasjonale lover som set grenser for korleis krig kan førast eller fangar handsamast. Dermed blir soldatframferda i konfliktar ofte også langt meir udisiplinert. Soldatar som valdtek, massakrerer og plyndrar – ofte i narko- eller alkoholrus – er del av bildet på nye krigarar. Innimellom er slik framferd til og med del av strategien deira. Sivilbefolkninga skal skremmast.

Fleire av konfliktane i Afrika (Vest-Afrika, Sudan, Kongo), Kaukasus og Afghanistan er omtalte som eksempel på nye krigar, som forresten ikkje er så nye likevel. Frå fleire hald blir «dei nye krigane» sett som ei tilbakevending til trettiårskrigen (1618–1648) og krigane før Westfalerfreden (jf framveksten av territorialstaten med valdsmonopol innanfor sitt myndigheitsområde). Soldatar i store flokkar drog då rundt og plyndra og plaga sivilbefolkninga. Tilsvarande ser vi statsapparatet i fleire u-land forvitre i ein ond sirkel på veg mot å bli ein såkalla «failed state» (samanbroten stat) – stat der statsapparatet knapt er i stand til å levere sjølv eit minstemål av tryggleik, utvikling eller ei viss velferd for innbyggarane sine. Er det statsoppløysande krigar som skal bli framtidas kjenneteikn, slik statsdannande har vore det dei siste par-tre hundreåra? Og blir denne statsoppløysinga forsterka av at svake og nye statar i sør knapt får tid til å feste seg fordi globaliseringstrykket er så sterkt?

7: Asymmetri

Eit anna trekk ved dei nye krigane er ein aukande tendens til asymmetri i forholdet mellom konfliktaktørar. Dei er ulike og langt frå jamsterke, særleg om den eine parten heiter USA. Partane er ikkje jambyrdige statsmotstandarar som utkjempar ein kamp med klare frontar – ein kamp starta med offisiell krigserklæring, store slag og markant krigsslutt. Og ofra er i hovudsak sivile; tidlegare var dei militære. I dei fleste konfliktane utgjør slagmarksofra bare ein mindre del av konfliktofra; dei fleste er indirekte offer. Dei døyr av krigens verknader – sjukdommar, mangel på medisin, under- og feilernæring.  

Ikkje-statlege grupper rår stort sett ikkje over like store ressursar som statar og går derfor knapt ut i opent lende mot statlege soldatar med tyngre utstyr (sjølv i mange u-land). Det blir for rått parti. Heller satsar dei på ein utmattande, langvarig krig med nålestikkoperasjonar og varierande intensitet i krigføringa. Ja, innimellom med så låg intensitet at krigen synest å ligge i dvale. 11.09.-terroristane slo til der ein knapt venta det og skal i utgangspunktet ha vore væpna bare med enkle knivar! Iblant finn vi aktørar som slett ikkje ønsker å avslutte krigen fordi dei tener på å fortsette den (warlords/krigsherrar). Dei skaffar seg inntekter frå narkoproduksjon og -smugling, menneskesmugling, ressursutvinning (diamantar…). Denne typen krigar og konfliktaktørar forsterkar tendensen til avdisiplinering og tiltrekk seg lett kriminelle. Saman med avstatleggjøring og asymmetrisk krigføring trer det fram ein slags krigens konturløyse der også skiljet mellom politisk vald og kriminalitet blir viska ut.

På dei alvorlegaste og mest medieomtalte krigsskodeplassane i våre dagar i Irak og Afghanistan er irakiske motstandsgrupper og Taliban slett ikkje jambyrdige med USA/NATO. Det er sagt at den underlegne i ein asymmetrisk krig ikkje har militær siger som mål, men økonomisk utmatting av fienden. Slik utmatting gjør også at kostnadene med å bygge opp igjen eit (borgar-)krigsramma land er blitt umåteleg store. Det er nok at dei utmattar og lammar befolkningar og fører til feilbruk av små middel i ein del u-land. Kor lett er det ikkje då å mobilisere til våpen unge menn med behov for arbeid og gjerne også for status og nymotens rekvisittar som ipod, solbriller eller anna?

8: Kva er tryggleik?

Kva går tryggleik – eller mangel på tryggleik – ut på? Lenge var ufred forbunde med truslar, oftast eintydige militære truslar mellom statar og med ditto klare fiendebilde. Slik er det ikkje lenger. Tryggleiken til det enkelte individet er kommen meir i fokus, ikkje minst menneskerettane. Desssutan talar ein heller om eit mangedimensjonalt og komplekst risikobilde, som er vanskeleg å overskode. Risiki kan vere fare for spreiing av masseøydeleggingsvåpen, miljøøydelegging, terrorhandlingar, organisert kriminalitet, rask spreiing av sosial, økonomisk og politisk ustabilitet, statssamanbrot, borgarkrig.

Truslar er altså erstatta av det meir diffuse risiki og uklare frontar. Fienden kan til og med vere midt imellom oss. Ja, han kan faktisk vere oss sjølve når han til dømes kjem i form av vår eiga miljøøydelegging.