Skoleoppgaver og undervisningsmateriell er flyttet til NUPI Skole

Hvor hender det?

NUPIs artikkelserie om internasjonal politikk

Empire State Building i New York - eit symbol på eit imperium?

Er imperiealderen forbi?

Publisert: 14. des. 2008

 Det er vanleg å seie at imperiets tidsalder slutta da koloniane blei sjølvstendige etter den 2. verdskrigen. På den tida fjerna dei vestlege imperiemaktene koloniadministrasjonen sin og overlét det formelle styret til dei nye statane. Likevel har imperieomgrepet på nytt dukka opp i internasjonal politikk i løpet av dei siste åra. Denne gongen er det fleire som snakkar om imperiet i meir håpefulle ordelag; noen ser til og med imperium som ei løysing på fleire vanskelege problem i verda i dag.
 

Det mest kjente imperiet i historia er det romerske imperiet. Roma begynte å ekspandere utover den italienske halvøya rundt 300–250 f.Kr. (da som republikk) og blei utvida til å omfatte store område i Nord-Afrika, Lilleasia og Europa, før det kollapsa ca. 470 e.Kr.

Det skulle gå meir enn tusen år før eit imperium blei så mektig igjen. Sjølv om mongolane under Djengis Khan på 1200-talet kontrollerte store landområde i Asia og dagens Aust-Europa, var det britiske imperiet det første som kunne måle seg med det romerske. På 1800-talet omfatta det ein firedel av verdas landområde og folk– det største og mektigaste imperiet så langt i historia.

2: Styring av imperium

Den tradisjonelle definisjonen på imperium legg vekt på kontroll over territorium og på tvang. Det inneber at imperiet alltid var eit resultat av krigar der imperiemakten stadig la under seg nye område. Imperiet omfatta dei områda der koloniadministrasjonen hadde kontroll og imperiets lover blei handheva.

Vidare var imperiet oppdelt i sentrum og periferi. Sentrum var nesten alltid hovudstaden i den staten som leia imperiet – London, Paris, Lisboa eller Amsterdam. Periferien var dei områda som blei kontrollerte og utbytta – India, Latin-Amerika, Afrika. Det var alltid slik at sentrum gjorde seg rikt på bekostning av periferien, gjerne ved å hente ut naturressursar og ved å utnytte befolkninga som slavar.

Likevel var det alltid eit slags bytteforhold. Noen i periferien tente på ordninga, bl.a. i form av viktige posisjonar, skattefritak eller andre fridommar som ikkje blei resten av befolkninga til del. Sjølv om imperiet blei administrert frå sentrum, hadde desse lokale elitane, eller mellommennene, ofte viktige styringsfunksjonar og relativt stor fridom til å styre etter eige hovud. I desse tilfella var sentrums kontroll med periferien indirekte. Andre gonger var koloniadministrasjonen sendt ut frå sentrum (f.eks frå England), og kontrollen med periferien var da direkte og sterk.

I dag finst det ingen imperium som kontrollerer andre land ved hjelp av tvangsmakt og lovgiving, slik dei vestlege imperia gjorde fram til midten av 1900-talet. Men betyr dette at imperiet har forsvunne frå scenen? Dersom vi ser på den kalde krigen – perioden mellom avkoloniseringa og Murens fall i 1989 – ser vi at imperiet aldri har vore heilt borte – iallfall ikkje i retorikken. Den tidlegare amerikanske presidenten Ronald Reagan stempla Sovjetunionen som eit «evil empire». Sovjetunionen kvitterte med at USA ikkje var noe dårlegare på den fronten. Og blant folk blei det snakka både om USA- og sovjetimperialismen.

Faktum er at begge supermaktene hadde ein innflytingssfære utanfor sitt eige territorium, der dei ikkje tolererte intervensjon utanfrå. Denne kontrollen blei gjerne rettferdiggjort (legitimert) med at den var naudsynt for å forsvare desse landas sjølvstende. Sovjetunionens kontroll med landa bak jernteppet var som oftast hardare enn USAs kontroll med utsette land i den «frie» verda, men denne situasjonen kan ein likevel beskrive som ein kamp mellom to imperium.

3: Uformelle imperium

Da Muren fall, var det enkelte som håpte og trudde at vi var komne til «slutten på historia». Med dette meinte dei at demokrati og marknadsøkonomi ville spreie seg fredeleg til heile verda, og at det var slutt på opprivande konfliktar – kalde eller varme – i internasjonal politikk.

I dag ser vi at spenninga som blei skapt av rivaliseringa mellom dei to supermaktene, er erstatta av nye truslar og manglande tryggleik, med religiøst motivert terrorisme og internasjonal organisert kriminalitet som dei mest påfallande. Samtidig ser vi kamp om kontroll over naturressursar som olje og gass og oppfatningar om at enkelte regime (Iran, Nord-Korea) truar «den frie verda».

Det er i møte med desse truslane at enkelte ønsker seg imperiet tilbake, om enn ikkje i same form. Nå snakkast det om eit uformelt imperium der ein skal respektere lands formelle sjølvstende, men likevel vere meir aktiv, til og med bruke makt om nødvendig, for å fremme sentrale gode som demokrati, menneskerettar og frie marknader. Legitimeringa av bruk av makt kan da verke paradoksal; vi må nytte krig som eit verkemiddel til å skape fred.

Om denne strategien skal lykkast, gjeld det å etablere ei samanslutning av aktørar på mange nivå. Den kan bestå av alliansar mellom statar (som «coalition of the willing» under Irakkrigen), av open eller skjult støtte til opposisjonelle grupper i land med fiendtlege regime eller til lokale elitar i land med vennlegsinna regime.

Den kan også bestå i avtaler med multinasjonale selskap med omsetnad større enn BNP i små land. Dersom vi ser slike samanslutningar i eit overordna perspektiv, altså som éin autoritetsstruktur som består av mange forskjellige typar avtaler mellom mange ulike slag aktørar, men som likevel har eit klart sentrum, gir det meining å snakke om eit moderne imperium. Dette gir oss eit anna bilde av internasjonal politikk enn vi får viss vi gjør som forskarar på internasjonal politikk til vanleg har gjort, nemleg å sjå på relasjonar mellom statar og å utelukke dei sidene som ikkje passar inn i eit slikt perspektiv.

4: Eksempelet Irak

 Irakkrigen kan tene som eksempel for å klargjøre ideen om eit moderne, uformelt imperium. Er det riktig å beskrive denne krigen som ein krig mellom Irak og ein allianse av USA, Storbritannia og andre – altså som ein krig  mellom statar? Eller gir det meir meining å betrakte krigen som ein konflikt mellom eit imperium med kjerne i Washington og utplasserte mellommenn i Bagdad og på den andre sida ei samanslutning av lokale militsar, frustrert ungdom og godt organiserte, tilreisande fundamentalistar?

I tida mellom Saddam Husseins fall i 2003 og valet på irakisk regjering i 2004 kunne USA minne ganske sterkt om eit tradisjonelt imperium. I denne perioden kontrollerte amerikanske styrkar det irakiske territoriet, og gjenoppbygginga av landet skjedde etter påbod frå Washington. På toppen av det provisoriske (midlertidige) styret satt Paul Bremer, ein slags militær byråkrat med så vide fullmakter at han blei samanlikna med ein romersk prokonsul (prokonsulen var Romerrikets høgaste utsende representant i provinsane).

Sjølv om amerikanarane framleis er tungt til stades, og i praksis garanterer for det sittande irakiske regimet, har dei overført den formelle kontrollen til irakarane på fleire og fleire område. Amerikanarane nyttar imidlertid fleire verkemiddel for å forsøke å sørge for at dei «riktige» kreftene skal komme til makta i landet. På denne måten håper dei å utøve ein slags indirekte kontroll slik eit uformelt imperium ville ha forsøkt.

Eit uttalt mål har heile vegen vore å stabilisere Irak som ein demokratisk stat som skal danne eksempel for andre land i Midtausten. Dersom dette skal gi meining, kan ein ikkje sitje med kontrollen for lenge. Dessutan er USA tufta på ein motstand mot den imperiale tradisjonen i Europa og ei sterk tru på folkesuverenitet. Dette idégrunnlaget har i kombinasjon med USAs oppsegling frå regional stormakt til verdas einaste supermakt skapt ei spenning som er blitt stadig tydelegare.

Mange gonger har det vore freistande å bruke denne nyerverva makta til å styrke eigen posisjon, samtidig som ein har ønskt å bidra til at andre skal få nyte godt av den samme folkesuvereniteten. Dette fungerte godt i Vest-Tyskland og Japan, land som USA i praksis administrerte i ei årrekke etter den 2. verdskrigen. Desse landa blei solide demningar mot kommunismen i aust (for Tyskland) og vest (for Japan). Dette var heilt klart i USAs interesse. Samtidig blei dei to landa sjølvstendige demokrati. Men i mange andre høve, for eksempel i Mellom-Amerika i 1980-åra, har slike intervensjonar heller forverra situasjonen og gjort folk i desse landa meir ufrie.

Forsida på ei spesialutgåve av det tyske vekemagasinet Der Spiegel. USA: Ei verdsmakts vekst og fall.

5: Rettferdiggjøring av imperiet

Eit anna trekk ved imperiet er at sentrum blir sett på som viktigare og meir høgverdig enn periferien. Hos dei europeiske imperia fekk denne ideologien ofte uttrykk som ein tanke om at sentrum hadde eit ansvar for å bringe sivilisasjonens gåver til periferien. Britane kalla dette «the white man’s burden», og franskmennene snakka om ein «mission civilisatrice» (eit kall til å sivilisere). Denne ideologien kom i sterk miskreditt med avkoloniseringa, og folkas rett til sjølvråderett blei nedfelt som eit kjerneprinsipp i FN.

Likevel finst det dei som meiner at denne ideologien framleis er levande, om enn i ei anna form. Kva er retorikken om fridom, demokrati og universelle menneskerettar, spør dei, anna enn fine ord som Vesten tek i bruk for å prakke sine institusjonar og idear på land i sør? Denne debatten pågår på mange forskjellige område; her skal perspektivet nyttast på EU.

6: EU – eit moderne imperium?

EU er ein union av sjølvstendige statar basert på frivillig medlemskap og lèt seg derfor ikkje umiddelbart samanlikne med eit imperium. Likevel kan enkeltsider ved EUs politikk minne om praksis i tidlegare imperium. La oss ta som eksempel EUs politikk overfor land som ønsker å bli medlem. Slik imperia alltid tilbaud sine mellommenn rundt om i periferien forskjellige avtaler, tilbyr EU ulike former for partnarskap – delvis medlemskap, assosiering og bilaterale avtaler – til land som står utanfor.

Dei landa som blir funne verdige som søkarland, blir førespegla medlemskap på vilkår av at dei gjennomfører politiske og økonomiske reformer som skal bringe dei opp til ein viss «sivilisasjonsstandard». Marknadsliberalisering, innføring av rettsstatsprinsipp og demokratisering av styresett er kjerneprinsippa her. Dette kan bringe tankane til den imperiale ideologien om at sentrum (EU) er ein betre, meir respektabel sosial formasjon enn periferien (for eksempel Tyrkia).

Ei openbar innvending mot denne tankerekka er at desse landa trass alt ønsker å bli medlem, og at dei sjølve står fritt til å velje om dei vil gjennomføre slike reformer eller ikkje. I Norge kjenner vi oss vel ikkje særleg kua av EU? Mot dette igjen kan ein stille spørsmål ved kor frivillig orienteringa mot EU er for mange av landa som ønsker medlemskap. Å stå imot ein politisk og økonomisk union som stadig vokser i omfang og styrke kan vere vanskeleg, især viss ein er eit lite land utan robuste bein å stå på (jf. oljen i Norge). Ofte vil det nok vere slik at landa ønsker medlemskap, men ser seg nødde til å svelgje ein del uønska og upopulære reformer for å oppnå det.

Sjølv om koloniane er borte, og det på overflaten råder semje om at verdas statar skal vere sjølvstendige (bestemme på eige territorium), bør vi ikkje gløyme imperiet. Vi bør vere klare over skilnaden mellom dei formelle imperia som la under seg land og tok over styringa av dei, og dei uformelle imperia som styrer ved hjelp av aktiv spreiing av liberale verdiar (USA og EU) og intervensjonar med sikte på å innføre betre styresett (USA i Irak og Afghanistan). Ein kan også vere ueinig i at det finst imperium i tradisjonell forstand i dag. Likevel er det ingen tvil om at imperias historie kan kaste lys over dagens globale politikk.