Majdan-plassen i Ukraina. NTB Scanpix

I SENTRUM: Ukraina-konflikten er hovedtema for den nyeste utgåven av Nordisk Østforum. Biletet viser Majdan i Kiev.

Ny utgåve av Nordisk Østforum

Publisert: 7. okt. 2015

Årets tredje nummer av Nordisk Østforum er via Ukraina-konflikten, med tre artiklar som tar føre seg ulike sider av saka.

Ei fersk utgåve av NUPIs tidsskrift for politisk, økonomisk og kulturell utvikling i Øst-Europa og det postsovjetiske området er no tilgjengeleg på nett.

I den første artikkelen analyserer seniorforskar ved Dansk Institut for Internationale Studier, Henning Splidsboel Hansen, korleis den leiande russiske TV-kanalen Pervyj Kanal dekka hendingane i Ukraina mellom 22. februar og 21 mars 2014, altså perioden like før og etter Russlands annektering av Krim.

Det «gode» mot det «vonde»

Artikkelforfattaren konkluderer med at russiske styresmakter presenterte Krim-spørsmålet som ein sterkt dikotomisert kamp mellom det «gode» og det «vonde», og mellom det som er «rett» og det som er «gale». Hansen argumenterer for at Putin, gjennom statskanalens dekning av hendingane, måla seg sjølv opp i eit «politisk hjørne», noko som førte til at den russiske presidenten sto att med eit sterkt avgrensa handlingsrom etter annekteringa.

I artikkel nummer to analyserer Jakob Tolstrup ved Århus Universitet Ukrainas utvikling i det kaotiske året 2014, som inneheldt mellom anna dei store demonstrasjonane på Maidan-plassen, Viktor Janukovitsj’ fall, tapet av Krim, og væpna konflikt i Aust-Ukraina. Fokuset ligg på Russlands innverknad på desse hendingane.

Marknadsføring av nasjonen

Den siste artikkelen i denne utgåva diskuterer temaet nasjonsmarknadsføring og handlar om korleis Ukraina har forsøkt å marknadsføre seg sjølv overfor resten av verda gjennom dei ti siste åra. Forfattarane Göran Bolin og Per Ståhlberg ved Södertörns Högskola argumenterer for at Ukraina-caset viser at nasjonsmarknadsføring av og til har lite å stille opp med mot reelle politiske endringar, og at slik marknadsføring «kräver en viss grad av såväl social som politisk stabilitet för at överhuvudtaget kunne bedrivas».

I tillegg til desse tre artiklane kan du også lese ei rekke omtalar av bøker som tar føre seg mellom anna kviterussisk nasjonalisme, Barents-samarbeid, russisk mjuk makt i Baltikum, og kjønnsperspektiv i svensk og russisk journalistikk. Nordisk Østforum er tilgjengeleg på idunn.no.