Noreg, stormaktene og ein ny internasjonal orden

Publisert: 19. nov. 2019

I kvart sitt essay ser Sverre Lodgaard og Julie Wilhelmsen nærmare på ei verd i endring. 

I siste utgåve av Morgenbladet skriv seniorforskar Julie Wilhelmsen at Noreg har uutnytta handlingsrom for å påverke fred og tryggleik i Europa. Handlingsrommet overfor Russland kan brukast klokare, og Noreg kan bruke posisjonen sin på vippa i Europa, ifølgje Wilhelmsen.

I ein analyse i Klassekampen skriv NUPI-kollega Sverre Lodgaard at internasjonal politikk er i ei overgangstid, frå ein internasjonal orden til noko anna vi ikkje kjenner.

Vi lever i ei turbulent, uføreseieleg og farleg tid, der det er som om støytdemparane mellom stormaktene blir tynnare, med aukande fare for gnissingar og kollisjonar mellom dei, ifølgje seniorforskaren.

NUPI har fått løyve til å publisere begge dei analytiske tekstane. Les Julie Wilhelmsens Russlands to ansikt og norsk makt  her, og Sverre Lodgaards En ny internasjonal orden?  her.

PS! Få også med deg Minda Holm sin kronikk frå Dagsavisen: Står den liberale epoken for fall?