NUPI-forskar Halvard Leira i redaktørkollegiet for "European Journal of International Relations"

Publisert: 24. jan. 2022

Tidsskriftet EJIR får nytt redaktørkollegium, og forskar 1 Halvard Leira er med på laget.

Etter ein omfattande konkurranse mellom akademikarar frå heile Europa, vann teamet som no tek over redaktørkonktrakta og dermed ansvaret for European Journal of International Relations (EJIR).

Dei neste fire åra skal professor Oliver Kessler (Universitetet i Erfurt) sitje i sjefredaktørstolen, med hjelp frå eit solid lag forskere. Med seg i redaktørkollegiet har han forskar 1 Halvard Leira (NUPI), statsvitar Jorg Kustermans (Universitetet i Antwerpen), professor Sophia Hoffmann og gjesteforskar Zeynep Gülsah Çapan (begge Universitetet i Erfurt).

- EJIR er det leiande IR-TIDSSKRIFTa i Europa, og eg gleder meg til å vere med på å vidareutvikle det dei neste fire åra, seier Leira.

EJIR mottek rundt 450 bidrag årleg, som alle blir fagfellevurdert. Sidan starten i 1995 har EJIR blitt ei viktig og uavhengig stemme innan IR-teori. Tidsskriftet sin impact-factor er 4.023.