Skoleoppgaver og undervisningsmateriell er flyttet til NUPI Skole

Hvor hender det?

NUPIs artikkelserie om internasjonal politikk
Foto: AP Photo/Khalil Hamra/NTB

Ei syrisk kvinne som blei skada i eit luftangrep mot heimen sin i Azaz, utanfor Aleppo. Syria er det landet som har komme verst ut av den arabiske våren. 

Den arabiske våren: Ti år etter

Publisert: 18. des. 2020

Det er no ti år sidan den arabiske våren velta inn over fleire land i Midtausten. Har det vorte meir demokrati?

Den 17. desember 2010 sette den tunisiske gateseljaren Muhamed Bouazizi fyr på seg sjølv, fortvila over trakasseringa og audmjukinga han vart utsett for av styresmaktene.

Hans død utløyste massedemonstrasjonar som i løpet av nokre få veker spreidde seg frå Tunisia til Egypt, Libya og Syria. Jemen og Bahrain vart også rørte.

Demonstrasjonane retta seg mot diktatorar som hadde skapt frykt og hat, og som hadde sete i ei årrekkje: Zine El Abidine Ben Ali (Tunisia), Hosni Mubarak (Egypt), Bashar al-Assad (far og son, Syria) og Muammar Gaddafi (Libya) som hadde regjert i høvesvis 23, 30, 40 og 42 år.

Slik starta den arabiske våren. Forhåpningane var store, men tilbakeslaga vart alvorlege.

Tunisia vart det einaste lyspunktet: Demokratiske standardar og prosessar fekk rotfeste. Men slik gjekk det ikkje for dei andre landa.

Foto: AP Photo/Amr Nabil/NTB

I midten står Muammar Gaddafi, som vart president i Libya, flankert av sine diktator-kollegaer, tidlegare president Hosni Mubarak frå Egypt til høgre og tidlegare president Ali Abdullah Saleh frå Jemen til venstre. Dei tre, som no alle er daude, poserte for eit bilete under eit toppmøte i Sirte i Libya i oktober 2010, eit drøyt år før starten på den arabiske våren, som førte til at dei tre blei avsett. 

2: Kva var den arabiske våren?

Forarging over dei styrande var ein fellesnamnar hjå alle. Andre likskapar var høg arbeidsløyse, økonomisk og sosial urettferd, og omfattande korrupsjon. I alle dei nemnde landa ville folk ta del i styre og stell – fridom og demokrati var viktige slagord.

Men dei ulike landa hadde svært ulike utgangspunkt og føresetnadar. Utan eiga erfaring med demokratiske styresett var det relativt få som hadde klare oppfatningar av kva det kunne og burde innebere. Opprørarane visste kva dei var imot, men dei fleste hadde vagare oppfatningar av vegen vidare.

Foto: Khaled Desouki og Pedro Ugarte/AFP/NTB

Bileta visar Tahrir-plassen i Egypt 17. november 2020 og 18. februar 2011. Flere hundre tusen menneske samla seg for å protestere mot den egyptiske presidenten Hosni Mubarak. Mubarak gjekk til slutt av, men erstatninga vart ikkje så mykje meir demokratisk. 

Trass i ulike utgangspunkt, var undertrykkinga sterk i alle landa, så dominoeffekten verka raskt frå Tunisia til Egypt, Libya og Syria. Fleire nyheitsbyrå og TV-selskap medverka til spreiinga, først og fremst al-Jazeera. Den arabiske våren var dessutan eit politisk gjennombrot for sosiale medium, som gjorde det mogeleg å halde folk oppdaterte uavhengig av dei offisielle statlege nyheitsmonopola.

Tre diktatorar fall i rask rekkjefølgje. Ben Ali flykta til Saudi-Arabia. Mubarak vart sett i fengsel i Egypt nokre veker seinare, men vart seinare, i 2013, overført til sjukehus, frifunnen for korrupsjons- og drapsskuldingar og sett fri i 2017 av sine kompanjongar i retts- og militærvesenet. Gadaffi vart drepen av opprørarane i Libya i oktober 2011, etter at eit NATO-støtta felttog hadde teke makta i Tripoli.

I Syria, dermot, vart Assad sitjande.



3: Tunisia – “solskinshistoria”

Landet kor det heile starta er kome best ut av den arabiske våren. I 2020 vart Tunisia karakterisert som eit mangelfullt demokrati og rangert som nr. 53 blant 167 land på den internasjonale demokratiindeksen

Dette er heilt klart ei betring, men dei økonomiske forholda er framleis vanskelege.

Samanlikna med Egypt, Syria og Libya, peika Tunisia seg ut som eit land med langt betre føresetnadar for demokratisk styre.

  • For det første ligg landet geografisk gunstig til, lengre unna konfliktane i øst.
  • For det andre var befolkninga homogen: 98 prosent var arabarar og 99 prosent sunni-muslimar.
  • For det tredje var militærvesenet lite og upolitisk og utan interesser i den tunisiske økonomien. Då Ben Ali ba dei skyte på demonstrantane, sa dei nei.
  • For det fjerde snudde rettsvesenet på femøringen. Dommarane hadde stort sett samarbeidd med Ben Ali, men då han vart kasta skifta dei fleste side og slutta opp om demokratiseringa.

Tunisia var også det einaste landet i den arabiske våren som hadde eit sterkt sivilt samfunn. I tillegg var dei nye leiarane inkluderande. Dei drog eit skarpt skilje mot det som hadde vore, men la ikkje ned yrkesforbod for folk knytt til det gamle regimet. Dei fekk delta i det nye styret. Leiarane unngjekk dermed den skjebnesvangre feilen som amerikanarane gjorde i Irak, då dei forbaud Bath-partiet til Saddam Hussein og oppløyste hæren.

Kva som var viktigast – dei gode føresetnadane eller den inkluderande tilnærminga til dei politiske leiarane – er vanskeleg å seie.

Men trass i det gode utgangspunktet køyrde partipolitikken seg fast sommaren 2013. Det var då fire sivilsamfunnsorganisasjonar – fagforeiningane, arbeidsgjevarsida, menneskerettsligaen og advokatforeininga – tredde til og inviterte partia til ein nasjonal dialog om ei ny grunnlov. Eit halv år seinare vart grunnlova vedteken med 93 prosent fleirtal.

For dette vart Kvartetten for nasjonal dialog løna med Nobels fredspris i 2015.



4: Syria – mareritthistoria

Medan Tunisia kunne styre mot demokrati utan nemneverdig innblanding utanfrå, vart Syria interessant for fleire andre statar. Saudi-Arabia, Tyrkia og Qatar støtta opprøret, og det same gjorde USA, Storbritannia og Frankrike, medan Russland og Iran engasjerte seg på Assad si side. Også nabolandet Israel reagerte når iransk-leia militsgrupper nærma seg grensa deira ved Golan-høgda.

Bashar al-Assad følgde etter far sin Hafez som president i Syria i 2000. I starten hadde han ambisjonar om å reformere og modernisere Syria, men han fall snart tilbake på faren sin bruk av overvaking og brutal undertrykking av motstandarane til regimet. Han liberaliserte den statsdominerte økonomien, men dette verka i første rekkje til fordel for rike forretningsfolk med band til regimet – og resultatet vart aukande ulikskap.

I åra før opprøret braut ut, var landet også råka av tørke. Bønder i hundretusental søkte inn til byane. Den arabiske våre trefte difor eit Syria under sterkt press, og verre skulle det verte.

 «Det er din tur, Doktor». Dette er graffitien som skal ha starta opprøret i Syria. Bashar al-Assad er utdanna øyelege, og det er dette grafittien sikter til. 

Opprøret vart utløyst av ei gruppe barn i den tørkeråka Daraa-provinsen som skreiv grafitti retta mot regimet. Regimet reagerte med arrestasjonar og trakassering. Demonstrasjonar følgde, og sikkerheitspolitiet greip instinktivt til bruk av makt. Dette såg ut til å ligge i DNA-et til Assad-regimet.

Hausten 2011 var borgarkrigen i full gang.



Konfliktlinjene gjekk på kryss og tvers. Kampane fekk snart ein religiøs dimensjon, særleg mellom alawittane, som Assad tilhøyrer, og det store fleirtalet av sunnimuslimar.

Opprørsgruppene var mange, men dei greidde ikkje å lage nokon felles front. Initiativet gjekk etter kvart over til yttarleggåande grupper, først til terrororganisasjonen al-Qaida og så til Den islamske staten (IS). Etter ei tid kjempa dei sistnemnde også mot kvarandre.

Den arabiske liga og FN prøvde å få i stand våpenkvile, men lukkast ikkje. Ein kunne likevel notere éin diplomatisk framgang: Etter at bruk av kjemiske våpen var konstatert, vart Russland, Syria og USA samde om å ta alle kjemiske våpen ut av landet.

Den russiske militære intervensjonen i 2015 vart avgjerande. Saman med Iran og libanesiske Hezbollah vart krigslukka snudd til regimet sin fordel. Samstundes dreiv kurdarane, som heldt til i nordaust, store delar av IS ut og vekk med støtte frå USA.

Innan våren 2020 hadde mellom 380-580.000 menneske vorte drepne i krigen, og det var 11 millionar flyktningar og internt fordrivne (nesten halve befolkninga).

Marerittet er ikkje slutt, men det meste er over. Korleis det krigsherja landet skal byggje seg oppatt, veit ingen.

5: Eksterne makter

Det har ikkje vore mykje hjelp å hente utanfrå for dei som har kjempa for demokrati i Midtausten. Dei europeiske kolonimaktene førte ein splitt-og-hersk-politikk for å sikre seg tilgang til energiressursane, og dei føretrekte stabilitet framfor demokratisering. Den amerikanske politikken har heller ikkje fremja demokrati i Midtausten.

For tida reduserer USA sitt militære nærvær i regionen. Det byrja med Obama og heldt fram med Trump, og påtroppande president Biden vil truleg følgje opp. Det er bra, for erfaringane viser at betre styresett ikkje vert fremja ved bruk av makt. Krig har gjort vondt verre.

Russarane arbeider for stabilisering av Syria og prøvar også å snu andre konfliktar i Midtausten til eigen fordel. Dei er på talefot med så godt som alle land i regionen, men har avgrensa ressursar og inga attraktiv styreform å eksportere.

Foto: NTB Scanpix

FOR LANGT: Både på hjemmebane og internasjonalt er Russlands president Vladimir Putin opptatt av å framstille seg selv som forsvareren av det stabile, skriver Minda Holm. Putin trekker i et intervju blant annet fram USAs utmelding fra nedrustningsavtalen INF. 

Kina er den største investoren i Midtausten, men har ikkje engasjert seg militært. Dei forsvarar sitt eige styresett med nebb og klør, men blandar seg ikkje inn i andre sine måtar å styre på. Kine er først og fremst interessert i stabilitet for investeringane sine.

Om alt dette betyr at Midtausten får vere litt meir i fred for inngrep frå stormaktene si side, er det ein fordel, for forsking viser at demokratiske reformar må kome innanfrå.

6: Konklusjon og framtidsutsikter

Demokratiet har dårlege vilkår i Midtausten, av mange grunnar. Nokre tolkar islam slik at det ikkje finst noko skilje mellom religion og politikk. Då vert det heller ikkje rom for demokratiske verdiar som religionsfridom, likeverd og folkeleg suverenitet. Andre peikar på patriarkalske trekk ved dei tradisjonelle arabiske stammesamfunna og meiner det går ei linje derfrå til autoritære styresett i notida.

Utdanning er viktig for å forstå kva demokrati inneber, men slik kunnskap er mangelvare. I Egypt vart den arabiske våren først fronta av liberalt innstilte ungdommar med høgare utdanning, men Det muslimske brorskapet, som tok over føringa og som anerkjende mange demokratiske standardar, hadde ikkje same forståing for liberale verdiar.

Internasjonalt har demokratiet vore i tilbakegang dei siste fem åra, men bilete er ikkje berre negativt. Den nye amerikanske presidenten vil prøve å reparere det amerikanske demokratiet og seier han vil kalle saman ein internasjonal konferanse om demokrati i løpet av sitt første år i Det kvite hus.

Den arabiske våren førte ikkje til meir demokrati i Midtausten. Sett vekk frå i Tunisia, vart vondt verre. Men det vart sådd nokre frø som gjev håp om nye framstøyt i ei elles uviss framtid.