Skoleoppgaver og undervisningsmateriell er flyttet til NUPI Skole

Hvor hender det?

NUPIs artikkelserie om internasjonal politikk
Foto: NTB Scanpix/AFP/Nicholas Kamm

Vil mellomvala i USA utgjere ei trussel mot framtida til president Trump? 

Ei folkerøysting om Trump

Publisert: 31. okt. 2018

Kongressvala i 2018 blir på nasjonalt nivå ei folkerøysting for eller mot den sittande republikanske administrasjonen til president Donald Trump. Samstundes er vala særs viktige for Trump sine vidare sjansar til å få støtte for politikken sin i Kongressen dei neste to åra.

USA er hausten 2018 verdas tredje mest folkerike land, og har verdas største økonomi så vel som verdas sterkaste militærmakt. Kort sagt er USA, trass ein noko svekt posisjon frå 1945 til 2018, framleis verdas supermakt nummer éin.  

Likevel har USA ein langt kortare historie som sjølvstendig stat enn til dømes gamle europeiske stormaktersom England og Frankrike. USA erklærte seg for ein eigen stat med sjølvstendeerklæringa frå 1776, som framleis blir feira årleg på nasjonaldagen 4. juli. Men det var først i 1789 at utsendingar frå dei 13 første delstatane endeleg kom saman for å velje frigjeringshelten og generalen George Washington til USAs første president.

2: Maktfordeling

Dagens USA har eit territorium som er meir enn fem gonger så stort som det første USA frå 1789, og talet på delstatar har auka frå 13 til 50. Likevel har amerikanarane i hovudtrekka halde fast ved det politiske systemet frå 1789, som på den tida var særs radikalt og demokratisk.

Statsleiaren er framleis ein president som er valt for ein fireårsperiode, og som samanlikna med til dømes statsministrane i Noreg har ei sterkare stilling med vidare fullmakter. USA sitt politiske system har likevel ein maktbalanse inspirert av tredelinga til den franske filosofen og politiske tenkaren Montesquieu, som tidlegare på 1700-talet skilte mellom den utøvande, dømande og lovgivande makt. Presidenten si utøvande makt blir i USA balansert dels av domstolane, øvst styrt av ei lita gruppe livstidsvalde høgsterettsdomarar, og dels av dei mange folkevalde i nasjonalforsamlinga.

Foto: Public domain

Kongressen i USA er delt i to kammer. 

Nasjonalforsamlinga i USA kallas Kongressen og er delt i to kammer:

  1. Senatet (100 medlemmer)
  2. Representantanes hus (435 delegatar)

Maktbalansen mellom store og små delstatar har vore sikra ved at kvar delstat uavhengig av folketal får velje to plassar i Senatet. I Representantanes hus varierer derimot talet for kvar delstat etter folketalet: California får som den klart mest folkerike delstaten 53 plassar, medan sju av dei minste delstatane berre får éin plass kvar. Når det skal veljas nye delegatar til Representantanes hus blir delstatane inndelt i valdistrikt, slik at California til dømes blir oppdelt i 53 distrikt. Kvart parti nominerer ein kandidat i kvart valdistrikt, og kandidaten som får flest røyster blir vald til Senatet eller Representantanes hus.

3: Dei to store partia



Det er vanleg at mange fleire parti stiller ved val til Kongressen, men med få og spesielle unntak står kampen om å få flest røyster mellom dei to største partia, Det demokratiske parti og Det republikanske parti. Valordninga i USA gjer det såleis ikkje lett for nye parti å utfordre dei to etablerte storpartia. TV-reklamar og andre politiske annonsar spelar ein mykje større rolle i USA enn til dømes her i Noreg, slik at det blir mykje viktigare å få inn pengegåver til kandidatane.  Sidan 1850-talet har presidentvala vore ein duell mellom det demokratiske og det republikanske partiet. Begge partia har på mange områder skifta posisjonar i denne lange tidsperioden:

  1. Republikanarane var siste del av 1800-talet det radikale partiet mellom anna i spørsmålet om slaveriet og rettane til afroamerikanerane, men har dei siste hundre åra stadig tydlegare inntatt posisjonen som det mest konservative partiet.
  2. Demokratane var siste del av 1800-talet det mest konservative partiet og hadde si sterkaste stilling hos dei tidlegare slaveristatane i sør, men vart under Franklin D. Roosevelt sin første presidentperiode på 1930-talet det liberale og radikale partiet med tyngdepunkt i nordstatane.  

Samanlikna med Noreg står sentrum i amerikansk politikk lenger til høgre, slik at de aller fleste politikarar og veljarar i parti til venstre for det norske partiet Høgre vil stå nærare demokratane enn republikanarane i USA. I norske Høgre er det ulike syn på kva for parti ein sympatiserer med i USA, men ved presidentvalet i 2016 verka dei fleste politikarene i Høgre å stå nærare demokratane sin kandidat, Hillary Clinton, enn republikanarane sin kandidat, Donald Trump. I det norske Framstegspartiet står dei fleste nærast republikanarane, sjølv om president Trump er omstridd.        

4: Kampen om Kongressen

Demokratane og republikanarane kjempar ikkje berre om presidenten, men har sidan 1850-tallet òg kjempa om å ha fleirtalet i Kongressen. Situasjonen med at det eine partiet har presidenten og det andre partiet fleirtal i eit eller begge kongresskammera, har dei siste tiåra vore ganske vanleg.  Den oppsto seinast under Barack Obama, ettersom republikanarane ved valet hausten 2014 vann fleirtal i Senatet og styrka fleirtalet Representantanes hus. Republikanarane redda òg fleirtalet ved Kongressvala hausten 2016. Handlingsrommet til den nyvalde president Trump vart likevel redusert av at fleirtalet vart mindre, samstundes som mange av dei republikanske delegatane var kritiske til Trump og hadde ønska seg ein annen republikansk presidentkandidat. Trump har difor ikkje hatt støtte til all politikken sin i Kongressen, til trass for at partiet hans har fleirtalet der. 

Val til Kongressen skjer annakvar haust i USA. I Senatet er valperioden seks år, slik at berre ein tredel av senatorane er på val kvar gong. I Representantanes hus er valperioden to år, slik at alle delegatane der er på val kvar gong.



5: Senatet

Før senatsvala i november 2018 har republikanarane 51 senatorar. Demokratane har 47, medan dei to siste er uavhengige kandidatar som for det aller meste røystar med demokratane. Ein av dei to uavhengige, den venstreradikale Bernie Sanders frå Vermont, var til og med nær ved å bli nominert som demokratane sin presidentkandidat i 2016. I realiteten er altså fordelinga i Senatet no 51-49 i favør av republikanarane. Dersom det endar uavgjort ved ei avrøysting i Senatet avgjer visepresidenten, som denne perioden er republikanaren Mike Pence. Dermed vil 50-50 etter valet bety at republikanarane beheld eit hårfint fleirtal.

Republikanarane har i tillegg fordelen av at dei har mykje færre sittande kandidatar på val no enn demokratane. 35 plassar i Senatet står på spel: Av dei er 26 no kontrollert av demokratane og berre ni av republikanarane.  Demokratane må altså vinne 28 av desse 35 plassane for å overta fleirtalet i Senatet. Det ser usannsynleg ut, men er likevel ikkje heilt hakkande utenkjeleg. Motstanden til Trump ser ut til å kunne mobilisere.

6: Representantanes hus

I Representantanes hus har republikanarane tilsynelatande eit enda betre utgangspunkt, sidan dei før valet har 235 delegater mot 193 for demokratane. Oppdelinga av valdistrikta favoriserer her sterkt republikanarane. Det vart demonstrert då dei i 2016 vann eit klart fleirtal av delegatane med berre eit minimalt fleirtal av røystene på landsbasis. USA har opplevd ei stadig sterkare politisk polarisering dei siste tiåra. Eit utslag av denne gjensidige mistrua og den intensiverte maktkampen er at begge dei store partia har forsøkt å trekke opp grensene mellom valdistrikta på nye og til dels kreative måtar som aukar deira sjansar til å få fleirtal. Avgjerder om valdistriktgrensene blir tekne på delstatsnivå, og republikanarane har vunne den kampen i fleire delstatar enn demokratane. Difor er det usikkert om demokratane vil klare å overta fleirtalet i Representantanes hus, sjølv om alle målingar tilseier at dei vil få klart flest røyster på landsbasis. At heile Representantanes hus er på val talar for demokratane, og suppleringsvaladei siste to åra har også her gitt dei svært lovande resultat. 

Også røysterettsreglane blir avgjort på delstatsnivå og dragkamp om dei er ein del av den politiske kampen mellom partia: Typisk er tidlegare straffedømte ei gruppe der langt dei fleste røystar demokratisk, og som i mange konservative delstatar har mista røysteretten for ein kortare eller lengre periode.

7: Kva blir resultatet?

Dei fleste statistiske analysar tilseier no at demokratane har betre sjansar til å ta over fleirtalet i Representantanes hus enn i Senatet, men at utfallet også der er usikkert. Meir enn halvparten av vala skjer i valdistrikt der utfallet er ganske sikkert. Men med 435 valdistrikt blir det likevel att ei liste med 100-130 der alt kan skje. To tommelfingerreglar frå dei siste tiåra har vore at demokratane gjer det best i nord og i byane, medan republikanarane gjer det best i sør og på landet. Dette er blitt meir komplisert mellom anna av at ein ser store politiske skilnader ut frå etnisk bakgrunn: Demokratane får eit klart fleirtal av veljarar med bakgrunn frå Latin-Amerika, og at den veljargruppa veks styrkar sjansane deira i Texas og andre tradisjonelt konservative sørstatar.  Geografisk sett blir det eit stort spørsmål kor stort innhogg demokratane kan gjere i sørstatane. Eit anna blir om republikanarane no kan følje opp suksessen blant kvite veljarar i gamle industristatar som Ohio og Pennsylvania: Knappe sigrar der redda presidentvalet for Trump i 2016, sjølv om demokratane då fekk meir enn 2 prosent fleire røyster på landsbasis. 

Kor mykje dei sterkt delte oppfatningane om president Trump vil prege valkampen og røystegivinga, kjem an på kandidatar og aktuelle kampsaker i dei lokale valdistrikta. I eit stadig meir polarisert politisk klima har vala i USA utover 2000-tallet handla mindre om å overtyde tvilarane, og meir om å mobilisere tilhengarane.  Valdeltakinga er mykje lågare enn i Noreg, og fell mange stader godt under 50 prosent ved kongressvala. Tradisjonelt har demokratane mest å tene på ei høg valdeltaking, men republikanarane kan òg få fordelen av høg valdeltaking dersom dei klarer å mobilisere nye veljarar blant sine tilhengargrupper i jamne valdistrikt.

Foto: NTB Scanpix

TILLIT SOM FORVITRAR: Det amerikanske folket sin tillit til regjeringa si er nær eit historisk botnpunkt. Kva konsekvensar har amerikansk mistillit til den politiske eliten for internasjonal politikk, og kva er årsakene til denne mistilliten?

8: Mykje på spel

Kongressvala i 2018 dreier seg i det store om kor stort handlingsrom Trump skal ha. Det vil bli markant dårlegare dersom demokratane overtek fleirtalet i eit av kongresskammera, og svært dårleg dersom demokratane tek begge. 

Valresultata i november 2018 vil òg få mykje å seie for stemninga internt i det republikanske partiet. Dersom vala no går dårleg for republikanarane er det mykje meir truleg at Trump får ein eller fleire utfordrarar mot seg ved den republikanske nominasjonen til presidentvalet i 2020.

Uansett står særs mykje på spel for president Trump no: Eit skuffande kongressval for republikanarane vil dels gjere det vanskelegare for presidenten å få gjennom saker og utnemningar fram til hausten 2020, og dels gjere det  mindre truleg at han blir nominert og attvald då.