Skjervheimprisen til Julie Wilhelmsen

Publisert: 14. sep. 2020

Wilhelmsen mottar prisen for sitt viktige bidrag til den offentlige debatten, spesielt gjelder dette Norges forhold til Russland.

Priskomiteen hadde følgende begrunnelse for valget av Wilhelmsen til Skjervheimprisen 2020:

Julie Wilhelmsen er ei av dei dyktigaste og modigaste stemmene i den utanrikspolitiske debatten, særleg når det gjeld vårt forhold til Russland. I lang tid har ho arbeida iherdig for å skapa forståing og nyansera fiendebilete av vår stormaktsnabo i aust. Dette har tidvis vore upopulært i politiske krinsar, men det har bidrege til å stimulera den elles ganske neddyssa debatten rundt norsk tryggingspolitikk. Wilhelmsen si deltaking i offentlegheita byggjer på forsking på toppnivå, noko som gir tyngde og presisjon. Hennar evne til å opna opp viktige samtalar og problematisera premiss har ein klar skjervheimsk kvalitet over seg, og er av ein karakter som komiteen gjerne skulle sett endå meir av i norsk offentlegheit. 

Prisen vert tildelt nokon som har markert seg med sterkt samfunnsengasjement «i Skjervheim si ånd». Det kan vera gjennom bidrag til den offentlege debatten, eller gjennom ulike lokale og ubyråkratiske tiltak i det sivile samfunnet, utanfor dei store sentralt drivne offentlege systema.

Skjervheimprisen blir delt ut hvert år under Skjervheimseminaret.

Vi gratulerer, og er stolte av vår eminente kollega og den viktige jobben hun gjør!