Bildet viser et av kjøretøyene som ble ødelagt i et angrep i Aguelhok, åstedet for et dødelig angrep 20. januar i år hvor ti fredsbevarere ble drept. Foto: Marco Dormino/UN Photo

IKKJE BETRE I MALI: Søndag 20. januar vart 10 fredsbevarande FN-soldatar drepne i Aguelhok, nord i Mali. Samanlikna med 2013 er ikkje situasjonen merkbart betre, skriv NUPI-forskar Bård Drange og Morten Bøås i denne kronikken. Biletet viser det eine køyretøyet som vart øydelagd i åtaket.

Mali: Vestens nye Afghanistan?

Publisert: 11. feb. 2019

Drap på sivile og angrep på FNs fredsbevarande styrker prega Mali i januar, skriv Bård Drange og Morten Bøås i Dagsavisen.

(Dagsavisen): Vesten har no vore sterkt engasjert i Mali i snart seks år, utan ein nemneverdig betra situasjonen. Er Mali Vestens nye Afghanistan?
Forskjellane mellom Afghanistan og Mali er mange, men ein likskap er at Vesten også i Mali kan setje seg fast i ei hengemyr ein ikkje kjem seg ut av.

Vi frykter at dette allereie er i ferd med å skje. Det internasjonale samfunnet har vore i Mali i no seks år, men har ikkje klart å ta store skritt mot ei varig løysing.

Ja, militære styrker fra Frankrike og FN og andre lands ulike innsatser har klart å oppretthalde ein viss orden - det er ingen overhengande fare for at Bamako skal falle. Problemet er at ein etter desse seks åra er lengre unna ei løysing enn ein var i 2013.

  • Få med deg NUPI-seminaret om fra desember: Fragility, conflict and climate change in Mali and Sahel:


I 2019 forsøker ein framleis å bygge kapasitet i den maliske staten, utan store framsteg. Tilnærminga er framleis hovudsakleg militær, og arbeidet for ei politisk og varig løysing på konflikten går trått og uten at det er mogleg å sjå at det ligg ein klar plan bak. Det einaste dei internasjonale aktørene er klare på er at dei ikkje vil forhandle med jihadistene, medan mange maliarar stiller seg bak eit krav om at ein ynskjer forhandlingar med alle maliske væpna aktører.

I mangelen på moglege politiske løysingar så fortsett konflikten.

Rett etter nyttår vart det rapportert om drap på 37 sivile i Sentral-Mali. Søndag 20. januar vart 10 fredsbevarande FN-soldatar drepne i Aguelhok, nord i Mali.

Samanlikna med 2013 er ikkje situasjonen merkbart betre.

Dei væpna jihadistgruppene er ikkje svekka, det har heller vorte fleire av dei, og konflikten er i dag mykje nærmare hovudstaden Bamako enn den var i 2013 då FN-styrken kom til landet. Samtidig slit både FN og andre internasjonale aktørar med låg tillit hjå den maliske befolkningen.

Ein viktig grunn til dette er at dei fokuserer smalt på sikkerheit, men evner ikkje å gjere noko med den usikkerheiten som mange maliarar opplev.

Vi har følgt utviklinga i Mali over lengre tid og uroar oss for at Mali kan verte Vestens nye Afghanistan - ein arena for ein stor internasjonal militæroperasjon utan ei klar målsetjing om verken kva ein kan oppnå eller kva exit-strategien kan vere.

Denne kronikken vart publisert i Dagsavisen 8. februar 2019. Les heile kronikken her.

Publikasjoner

Prosjekter