Digitale åtak - bør angriparen avslørast eller ikkje?

Ons 18 nov. 2020
Tid: 14:00 Sted: Microsoft Teams Språk: English Ledige plasser: 63
Legg i kalender 20-11-18 14:00 20-11-18 15:00 38 Digitale åtak - bør angriparen avslørast eller ikkje? I oktober gjekk UD til det uvanlege steget å avsløre at Russland sto bak cyberoperasjonen mot Stortinget. NUPIs forskningssenter for cybersikkerheit har gleda av å invitere til eit webinar med professor Madeline Carr. I webinaret gir ho ei oversikt over kvifor attribusjon i det digitale rom er vanskeleg, utfordringane med å ikkje kunne attribuere – og forskjellige alternativ for korleis ein kan handtere denne utfordringa. Microsoft Teams NUPI seminar@nupi.no http://www.facebook.com/events/160427380695693 false DD/MM/YYYY

I oktober gjekk UD til det uvanlege steget å avsløre at Russland sto bak cyberoperasjonen mot Stortinget. NUPIs forskningssenter for cybersikkerheit har gleda av å invitere til eit webinar med professor Madeline Carr. I webinaret gir ho ei oversikt over kvifor attribusjon i det digitale rom er vanskeleg, utfordringane med å ikkje kunne attribuere – og forskjellige alternativ for korleis ein kan handtere denne utfordringa.

Den aukande betydinga av cybersikkerheit og handteringa av attribusjon av cyberoperasjonar har ført til auka handling frå nasjonale myndigheiter over heile verda. Operasjonane mot Stortinget 24. august, og den offentlege attribusjonen frå dei norske myndigheitene kan tene som eit eksempel på kor dagsaktuelt dette er, sidan det er første gong Noreg har offentleggjort ein klar attribusjon av slike operasjonar.

Attribusjon av cyberoperasjonar reiser fleire spørsmål. På dette webinaret vil Madeline Carr gi ei oversikt over kvifor attribusjon er så vanskeleg, utfordringane ved å ikkje kunne attribuere cyberoperasjonar - og forskjellige alternativ for korleis ein kan handtere denne utfordringa.

Moderator er Karsten Friis, leiar for NUPIs forskingsgruppe for sikkerheit og forsvar.

Vil du vete meir om NUPI si forskning på cybersikkerheit? Sjå NUPIs forskningssenter på cybersikkerhet.

Relevante publikasjoner

Relevante prosjekter