Sårbare statar, konflikt og klimaendringar i Mali og Sahel

Tor 13 des. 2018
Tid: 09:00 Sted: NUPI Språk: Engelsk Ledige plasser: 12
Legg i kalender 18-12-13 09:00 18-12-13 10:30 38 Sårbare statar, konflikt og klimaendringar i Mali og Sahel Sårbare statar, konflikt og klimaendringar set utvikling og styresett på prøve. Kva betyr dette for Mali og Sahelregionen? NUPI NUPI seminar@nupi.no http://www.facebook.com/events/160427380695693 false DD/MM/YYYY

Sårbare statar, konflikt og klimaendringar set utvikling og styresett på prøve. Kva betyr dette for Mali og Sahelregionen?

Ingen stader er desse utfordringane klarare enn i Sahel-regionen, som består av nokre av verdas fattigaste og mest sårbare statar. I Sahel – inkludert Burkina Faso, Chad, Mali, Mauritania og Niger – er det Mali som har vorte hardast råka av valdeleg konflikt. Også Niger har fått mykje merksemd i det siste, ettersom ein hovudrute for migrantar frå Vest-Afrika går gjennom den nordlege byen Agadez før ein når Algeria og Libya.

På dette seminaret fortel Ibrahim Ag Youssouf om Malis nyare historie og situasjonen i dag. Han er språkforskar og tidlegare tilretteleggjar i fredsprosessen i Nord-Mali på 1990-talet. Seniorforskar ved NUPI, Morten Bøås skal snakke om den regionale konteksten og det nye forskingsprosjektet FRAGVENT som undersøker valdelege entreprenørar i Libya, Mali, Mauritania og Niger. Vitskapeleg assistent på NUPI, Bård Drange, skal snakke om internasjonale aktørar. Til slutt kommenterer Alida Jay Boye og Halvor Sætre (TBC) presentasjonane. Alida Jay Boye er Mali-ekspert, tidlegare ambassaderåd på den norske ambassaden i Mali og tidlegare koordinator for Mali-programmet på Universitet i Oslo. Halvor Sætre er spesialrepresentant for Sahel i Utenriksdepartementet.

Seniorforskar Kari Osland modererer seminaret, som vil bli sendt direkte på NUPI sin YouTube-kanal: