Hjelp oss å gjøre siden kjent – tips en bekjent:
Flommen i Pakistan i 2010 let seg kan hende best forstå som del av ein breiare og samansett nødssituasjon meir enn som berre ein naturkatastrofe. Innanfor nødhjelp vil dette seie ein situasjon som inneber konflikt, omfattande omplassering av folk, sårbare politiske institusjonar og skort på livsviktige ressursar. Typiske eksempel på slike nødssituasjonar finn vi i krigsområde som Afghanistan, Irak, Somalia, og Kongo. Men klimaendringar kan føre til at fleire av desse scenaria kjem til å bli kjenneteikna av også å vere naturkatastrofar.
I Pakistan er naturkatastrofar del av ein samansett nødhjelpsituasjon. Slike katastrofar set staten dårlegare i stand til å ha full styring over heile territoriet sitt. Stammeområda nordvest i Pakistan mot grensa til Afghanistan − Federally Administered Tribal Areas (FATA) − er ein region med nær indre sjølvstyre . Dei lokale pasjtunstammane styrer her med stor grad av sjølvstyre. Tradisjonelt har styresmaktene i Pakistan måtta kjempe for kontrollen om dette grenseområdet.