Hjelp oss å gjøre siden kjent – tips en bekjent:
Leymah Gbowee blei fødd i ein landsby i det sentrale Liberia i 1972 og flytta til Monrovia då Taylor invaderte landet. Ho gifta seg, fekk seks barn og reagerte sterkt på valden som krigen førte med seg. Ho tok mastergrad i konfliktløysing i USA, blei traumerådgivar og hjelpte valdtekne jenter og kvinner. Saman med andre kvinner arbeidde ho for å få slutt på barnesoldatar, valdtekt og andre overgrep.
Kvinneorganisasjonar som Mano River Women’s Peace Network og Liberian Women’s Initiative pressa på for å få til fredsforhandlingar. Leymah Gbowee grunnla Women of Liberia Mass Action for Peace . Ein hær av kvinner i kvitt sto opp og tok til motmæle når ingen andre gjorde det. Dei var ikkje lenger redde, for det verst tenkelege hadde alt hendt dei, skriv Gbowee i memoarboka Mighty be our powers . Dei starta i 2002 med lokale kvinner som ba og song på fiskemarknaden.
Seinare organiserte dei felles bøn med kristne og muslimar. «Pray the devil back til hell», sa Leymah Gbowee og gjekk mot bruk av militærkraft og vald. Ho var med å skipe Women in Peacebuilding Network , med kristne og muslimske kvinner, og tusenvis protesterte i Monrovia. Dei bidro til å tvinge fram fredssamtalar i Ghana. Men i fredsprosessen blei kvinnene sette på sidelinja (marginaliserte).