Skip to main content

Tips

Hjelp oss å gjøre siden kjent – tips en bekjent:

Nobels fredspris 2011: Tre kvinner får fredsprisen

  • Test deg selv
  • Oppgåver nivå 1 og 2 (av 3)
  • Oppgåver på nivå 3
  • Lenkeforslag til denne artikkelen
  • Arbeidsoppgaver

DEL:

  1. Introduksjon
  2. Kven skal få fredsprisen?
  3. Kvifor så stor glede i 2011?
  4. Liberia – lang veg til fred
  5. Leymah Gbowee
  6. Ellen Sirleaf
  7. Jemen i omforming − Tawakkol Karman
  8. Kvinnene si rolle i fredsarbeidet
Nobels fredspris 2011: dei tre fredsprisvinnarane
Heimlanda til fredsprisvinnarane

Leymah Gbowee
Ellen Sirleaf
Fredsprisvinnar Karman
15 kvinner har fått Nobels fredspris
Nobelprisar 1901-2011
image
Leymah Gbowee er den yngste som nokon gong har fått Nobels fredspris.
  • Stemmer
  • Stemmer ikke

DEL 2: Kven skal få fredsprisen?

Særleg pristildelinga for dei to siste åra har vakt sterk kritikk. Den kinesiske regjeringa blei rasande i 2010 då dissidenten Liu Xiaobo  fekk prisen «for ikkje-valdeleg kamp for sentrale menneskerettar i Kina». Og mange blei forundra då presidenten i USA, Barack Obama , fekk prisen i 2009. Han var leiar for den største militærmakta i verda, som førte krig i Afghanistan og Irak. Men Nobelkomitéen grunnga prisen med «den ekstraordinære innsatsen hans for å styrke internasjonalt diplomati og mellomfolkeleg samarbeid.»

Alfred Nobel skreiv testamentet sitt i 1895. Der skreiv han at fredsprisen skulle gå til den personen «som hadde verka mest eller best for å fremje forbrødring mellom folka og avskaffe eller minske ståande hærar samt organisere og spreie fredskongressar.»

Så mye som har hendt sidan 1895, er det klart at ein meir enn 100 år etter må tolke teksten og tilpasse han til ei anna tid. Men korleis? Her er det ulike meiningar, og Nobelkomitéen har óg skifta syn opp gjennom åra.

Bare for dei siste prisane finn vi ulike grunnar for tildelingane: løyse internasjonale konfliktar på fredeleg vis, motverke klimaendringar, skape sosial og økonomisk utvikling nedanfrå, hindre at kjernekraft blir nytta til militære føremål, fremje bærekraftig utvikling, demokrati og menneskerettar, fred og forsoning.

Den som har gått lengst i kritikken av Nobelkomitéen er juristen Fredrik S. Heffermehl . I boka si «Nobels vilje» hevdar han at mange av dei seinare tildelingane har vore i strid med testamentet til Alfred Nobel. Prisen skulle gå til "fredsförfäktare", ifølge Nobel.

Målet hans var å hindre krig ved ei «forbrødring mellom nasjonane» − eit globalt samarbeid om nedrusting basert på global rett og globale institusjonar.  Det «utvida fredsomgrepet» som Nobelkomiteen i mange høve har lagt til grunn for sine tildelingar, har ikkje noko med testamentet til Nobel å gjøre, påpeiker Heffermehl. Skulle arbeidet for militære reduksjonar lykkast, vil det gi positive ringverknader på mange område − demokrati og menneskerettar, kamp mot fattigdom, velferd, miljø og ressursbruk ….»

Det har óg vore stilt spørsmål ved samansetjinga av Nobelkomitéen . Tidlegare blei mannsdominansen kritisert. No har komitéen overvekt av kvinner. Men dei er alle etnisk norske politikarer, om enn frå ulike parti. Deltaking av ekspertar frå ulike område, grasrotaktivistar frå fredsrørsla eller folk med ein annan kulturell bakgrunn kunne gi komitéen breiare grunnlag for vurdering, blir det hevda.