Skip to main content

Tips

Hjelp oss å gjøre siden kjent – tips en bekjent:

Konfliktar i dag

2007-mai 2008

DEL 6: Dei nye krigane

Kva kjenneteiknar så dei nye krigane utover lette og relativt billige våpen? Eitt viktig moment er ei avstatleggjøring . Ikkje-statlege grupper eller halvmilitære er i langt større grad enn før involverte i politisk motivert valdsbruk – i væpna konfliktar. Dessutan er mange av gruppene meir styrde av kommersielle (tene pengar) enn av tilsynelatande politiske interesser. Det er då karakteristisk for nye krigar at staten i fleire land i sør har tapt sitt monopol på maktbruk.

HHD24_fig2

 

Samanhengen med det faktum at vår tids krigar i all hovudsak er borgarkrigar er klar: I ein indre konflikt er gjerne minst éin ikkje-statleg gruppe part i ein væpna konflikt enten med regjeringa i eit land og/eller med andre ikkje-statlege grupper i same land. Slike grupper kan spenne over ein skala som strekkjer seg frå internasjonale leigesoldatar og lokale krigsherrar via privattilsette forsynings- og vaktarbeidarar via sterkt religiøst-ideologisk motiverte krigarar til dei yngste barnesoldatar. Med denne spennvidda blir også skiljet mellom stridande og ikkje-stridande uklart. I hovudsak står striden om regjeringsmakt eller om eit territorium innanfor eit land (sjå tekstboks Stridens kjerne )

Avstatleggjøringa går saman med ein tendens til avdisiplinering av styrkane. Generelt har ikkje-statlege grupper langt svakare – om noen i det heile – opplæring i internasjonale lover som set grenser for korleis krig kan førast eller fangar handsamast. Dermed blir soldatframferda i konfliktar ofte også langt meir udisiplinert. Soldatar som valdtek, massakrerer og plyndrar – ofte i narko- eller alkoholrus – er del av bildet på nye krigarar. Innimellom er slik framferd til og med del av strategien deira. Sivilbefolkninga skal skremmast.

Fleire av konfliktane i Afrika (Vest-Afrika, Sudan, Kongo), Kaukasus og Afghanistan er omtalte som eksempel på nye krigar, som forresten ikkje er så nye likevel. Frå fleire hald blir «dei nye krigane» sett som ei tilbakevending til trettiårskrigen (1618–1648) og krigane før Westfalerfreden (jf framveksten av territorialstaten med valdsmonopol innanfor sitt myndigheitsområde). Soldatar i store flokkar drog då rundt og plyndra og plaga sivilbefolkninga. Tilsvarande ser vi statsapparatet i fleire u-land forvitre i ein ond sirkel på veg mot å bli ein såkalla «failed state» (samanbroten stat) – stat der statsapparatet knapt er i stand til å levere sjølv eit minstemål av tryggleik, utvikling eller ei viss velferd for innbyggarane sine. Er det statsoppløysande krigar som skal bli framtidas kjenneteikn, slik statsdannande har vore det dei siste par-tre hundreåra? Og blir denne statsoppløysinga forsterka av at svake og nye statar i sør knapt får tid til å feste seg fordi globaliseringstrykket er så sterkt?