Hjelp oss å gjøre siden kjent – tips en bekjent:
Med moderne kommunikasjonar, billegare transport og betre teknologi i ei globalisert verd «smittar» borgarkrigar fort, især til omliggande land, men også til det globale samfunn. Det kan skje i form av flyktningar, organisert kriminalitet, smittsame sjukdommar, politisk uro, økonomiske problem, valdslæring (at vald løner seg) eller anna. Omverda blir derfor ofte berørt av borgarkrig. Fagfolk taler om transnasjonalt – grenseoverskridande – preg ved borgarkrigar. Historia kan syne fram meir enn eitt eksempel på borgarkrigar som spreier seg til naboland. Borgarkrigen i Rwanda spreidde seg til Zaire (no Kongo); dei siste åras borgarkrigar i Vest-Afrika må ein sjå i dette lyset osb.
Men straumane går ikkje bare den eine vegen. Flyktningar frå konfliktar i ei rekke land utgjør diasporaer (Om internflyktningar ) fjernt frå heimlandas krigsskodeplassar. Frå sine eksil bidreg dei ofte med å finansiere «sin konfliktpart». Korleis påverkar det eit konfliktforløp at folk i eksil nærer sin part med pengeoverføringar samstundes som dei slepp å ta konsekvensane i form av drepte familiemedlemmar, frykt for eigne liv osb? Ikkje sjeldan blir éin verknad at krigen og konflikten varer mye lenger enn dei lokale ressursane skulle tilseie. Og kva er det ikkje som også bidreg til å halde liv i konfliktar om ikkje «suget» i omverda etter til dømes diamantar, narkotika og olje?