Foto: Ane Teksum Isbrekken/NUPI

EKSPERTAR FRÅ TO KONTINENT: F.v.: Iliya Kiriya, Daniel Treisman, Irina Borogan og Andrej Soldatov på NUPIs Russlandskonferanse 2017.

VIDEO: Russland og Vesten - konkurrerande realitetar

Publisert: 4. des. 2017

13 ekspertar på russiske medium og politikk bidrog til ein vellukka Russlandskonferanse.

Ein fullsett sal på Litteraturhuset i Oslo var vitne til ein svært dagsaktuell konferanse då NUPI sin årlege russlandskonferanse gjekk av stabelen fredag 1. desember.

Ekspertar frå USA, Russland og fleire andre europeiske land bidrog med presentasjonar og paneldiskusjonar om ei rekkje tema knytte til ulike røyndomsoppfatningar, medium og politikk i Russland og Vesten.

  • Sjå heile konferansen på YouTube:

Internett, medium og politikk i Russland

Den fyrste bolken på programmet var vigd internett, medium og politikk i Russland. Daniel Treisman (UCLA) snakka om Russland og informasjonsautokratiet, Iliya Kiriya frå Higher School og Economics i Moskva om nye medium som alternative medium i Russland, mens frilansjournalistane Andrej Soldatov og Irina Borogans presentasjon hadde tittelen «Kremls krig mot internett».

Kva vil eigentleg Russland?

Panel 2 hadde tittelen Russland, Vesten og konkurrerande narrativ i utanrikspolitikken. Sarah Oates frå University of Maryland gjekk i presentasjonen sin eit utval av dei russiskkoblede Facebook-annonsane frå den amerikanske valkampen nærmare etter i saumane, og gav eit innblikk i kva rekkjevidde nokre av desse faktisk fekk.

NUPI-forskar Julie Wilhelmsen tok for seg dynamikkane i samhandlinga mellom Russland og Vesten frå eit norsk perspektiv, mens spørsmålet som la grunnlaget for Kadri Liiks (European Council on Foreign Relations) presentasjon var: «Kva er det Russland vil?».

La fram case-studiar

Tema for siste bolk på programmet var case-studiar som forklarer kampen om narrativ. Joanna Szotek (Royal Holloway) baserte presentasjonen sin på funn frå eit forskingsprosjekt om opinionen i Ukraina og korleis Ukrainere bruker ulike kjelder til nyheiter og korleis dei responderer på såkalla strategiske narrativ. NUPI-forskar Jakub Godzimirski la fram funn frå han og kollegaen hans Malin Østevik si studie av russisk strategiske kommunikasjon og politiske ambisjonar i Europa. Dagens siste innleiar var Hanna Smith frå det nyleg etablere Hybrid COE i Finland. Temaet for Smiths presentasjon var hybrid krigføring.

Meir om NUPI si forsking på Russland og Eurasia finn du her.

Prosjekter