Foto: Shutterstock

VELLUKKA: - Vi skal vidareføre arbeidet med å tydeleggjere og spisse vår faglege satsing. Vi har lukkast godt i Forskningsrådet og med EU 2020-søknader, og skal fortsetje med det, seier NUPI-direktør Ulf Sverdrup

NUPI får ros i instituttevaluering

Publisert: 15. feb. 2017

NUPI får positiv omtale for relevant forsking og høg kvalitet i ei fersk evaluering av dei samfunnsvitskaplege forskingsinstitutta.

I fjor nedsette Noregs Forskningsråd (NFR) eit panel med nordiske samfunnsvitarar for å evaluere norske forskingsinstitutt innan samfunnvitskap.

Totalt er 22 institutt, også NUPI, evaluert, og resultata blei publiserte 16. februar.

'Innovative og ambisiøse'

'NUPI er eit vellukka institutt av høg kvalitet. Det ser ut til å bli styrt på ein svært profesjonell måte av leiinga. NUPI er innovative og ambisiøse, og handterer utfordringar på ein systematisk måte,' skriv NFR-evalueringa.

- Vi etterstrever høg vitskapleg kvalitet. Vi skal drive med forsking som forklarer viktige samfunnsutfordringar, og forskinga vår skal hjelpe avgjerdstakarar til å ta informerte val, seier NUPI-direktør Ulf Sverdrup.

Blant dei 22 institutta som er evaluerte, er NUPI blant dei tre som publiserer mest akademisk litteratur. NUPI får ros for den klare strategien sin for å fortsetje å auke mengda «nivå 2»-artiklar instituttet produserer.

- Å publisere ei høg mengd publikasjonar internasjonalt er eit klart mål, og vi forventar av dei tilsette at dei jobbar hardt med dette. Vi har ein stab av dyktige forskarar som lukkast med det, seier Sverdrup.

Kilde: Evaluering av de samfunnsvitenskapelige forskningsinstituttene - panelrapport

Illustrasjon av utviklingen i akkumulerte publikasjonspoeng ved de ulike instituttene for hhv. 2007-2010 og 2011-2014.

Vellukka søknadsarbeid

Evalueringa viser at instituttsektoren er med på å auke talet på avlagte doktorgradar i Noreg. NUPI har som mål å produsere to slike årleg.

- Dette har vi lukkast med. Det er ein del av samfunnsoppdraget vårt, seier Sverdrup.

Eit av formåla med evalueringa er å gi råd om korleis institutta kan bli betre.

- Vi skal vidareføre arbeidet med å tydeleggjere og spisse vår faglege satsing. Vi har lukkast godt i Forskningsrådet og med EU 2020-søknader, og skal fortsetje med det. Samtidig vil vi leggje vekt på å ytterlegare forbetre dialogen vår med brukarar. NUPI skal kjenneteiknast av kvalitet, tiltru og relevans.

Scorar høgt

NFR-rapporten peikar på at dei samfunnsvitskaplege institutta speler ei viktig rolle i Noreg, og har positiv effekt på utviklinga av politikk og samfunn. Vidare tilrår rapporten at regjeringa fortset å investere i institutta.

- Evalueringa går gjennom korleis institutta scorar på ein del sentrale parametrar. Den målar oss på effektar av forskinga på samfunnet, kor nøgde brukarane er, og det er gjennomførd ein bibliometrisk studie av vitskapleg kvalitet. På alle desse tre skårar NUPI bra. Generelt er det slik at dei utanrikspolitiske institutta - PRIO, FNI, CMI og NUPI - scorar veldig godt, seier Sverdrup.

'Eit gode for Noreg'

Hovudbodskapen i NFR-evalueringa er at dei norske samfunnvitskapelege institutta er eit gode for Noreg, og at politikken på feltet bør verdsetje både sektoren som heilheit og kvart individuelt institutt.

- Det er veldig positivt at evalueringa framhevar verdien av instituttsektoren. Den skisserer nokre måtar rammevilkåra for sektoren kan bli betre på, for eksempel når det gjeld basisfinansiering. Evalueringa supplerer ein del andre forskingspolitiske dokument som kanskje ikkje på same måte har understreka verdien av instituttsektoren, avsluttar Sverdrup.