Foto: NTB Scanpix

KVINFOR HAR IKKJE USA NÅDD MÅLA I SYRIA? Noko av forklaringa er at Obama ville konsentrere seg om Asia og Kina og at Trump siktar seg inn mot Iran, som er i ferd med å bli den neste store konflikten i Midtausten. Men ei anna viktig forklaring er manglane i USA si evne og vilje til å delta i denne typen krigføring, skriv Sverre Lodgaard i denne kronikken.

KRONIKK: USA er både overlegen og svak

Publisert: 18. apr. 2018

Kvifor er amerikansk militærmakt så dårleg eigna til å kjempe mot og støtte opprørarar?

(Dagsavisen): USA er den dominerande militærmakta på kloden. Ingen over og ingen ved sida. Militært overtak er skrive i stein. Alle presidentkandidatar må sverje på det.

Likevel har ikkje USA nått målsetjingane sine verken i Irak, Libya eller Afghanistan. Den einaste oppsida i Irak var at diktatoren blei fjerna, elles blei alt verre. Det same i Libya, sjølv om  europearane etter kvart fekk hovudrolla der. I Afghanistan kjempar ein på 17. året, i beste fall med uvist resultat. Berre den fyrste Midtausten-krigen var vellukka, men den var av det klassiske slaget – å kaste Irak ut av Kuwait.

Heller ikkje i Syria har USA oppnått måla. USA har samarbeidt med kurdarane i kampen mot IS og støtta den Frie Syriske Armeen, men har typisk nok vore lite med i kamphandlingane. Noko av forklaringa er at Obama ville konsentrere seg om Asia og Kina og at Trump siktar seg inn mot Iran, som er i ferd med å bli den neste store konflikten i Midtausten. Men ei anna viktig forklaring er manglane i USA si evne og vilje til å delta i denne typen krigføring.

Les heile kronikken hos Dagsavisen.