Bildet viser soldater på øvelse. Marthe Brendefur/Forsvaret

TILBAKE TIL UVISSA: Seniorforskar Nina Græger seier det vil bli utfordrande for norsk forsvarspolitikk å manøvrere mellom Putin og Trump. Ho lanserar ny bok på NUPI 31. januar.

Dragkamp om Forsvaret og forsvarspolitikken

Publisert: 30. jan. 2017

Seniorforskar Nina Græger (NUPI) har gått gjennom norsk forsvarspolitikk frå 1990 til i dag i ny bok.

1. juledag 1991 gjekk Sovjetunionens president Mikhail Gorbatsjov av som unionens siste leiar. Dermed var den kalde krigen, som hadde gått inn i sin siste fase med Berlinmurens fall to år før, over.

I Noreg blei femti år med stabilitet, føreseielegheit og høg profil i Nato nærmast over natta erstatta med djuptgripande endringar og norsk usynlegheit. Det var verken Forsvaret eller politikarane førebudd på.

Slik skildrar seniorforskar Nina Græger ved NUPI Forsvarets nye realitet på starten av 1990-talet i boka Norsk forsvarspolitikk. Territorialforsvar og internasjonal innsats 1990-2015(Scandinavian Academic Press/Spartacus), som ble lansert på NUPI 31. januar.

Se seminaret på YouTube:

- Sat langt inne

I analysen sin av norsk forsvarspolitikk gjennom 25 år, viser Græger korleis Forsvaret og forsvarsmiljø også har stått i vegen for eiga omstilling og utvikling.

- Noreg deltok i dei internasjonale operasjonane i regi av FN og Nato på 1990-talet, særleg på Balkan. Men Forsvaret var ikkje innretta mot denne typen operasjonar - forsvarskonseptet var baserte på forsvar av eige land og Artikkel 5-operasjonar, der scenariet var russisk invasjon i Finnmark. Dette prega også undervisinga på skulane, øvingane og treninga til forsvaret.

Trass i den tryggingspolitiske omlegginga tidleg på 1990-talet, var det eit solid etterslep i det Græger kallar militære praksisar.

- Sjølv om internasjonale operasjonar blei sidestilt med landforsvar i det nye forsvarskonseptet i 1998, sat omlegginga langt inne. I tillegg til NATO sine førnespurnadar om bidrag, blei det økonomiske presset på Forsvaret og utdatert militært materiell viktige argument, seier ho.

Skeptiske leiarar

 - Det nye innsatsforsvaret blei hardt kritisert og delvis motarbeidt i delar av Forsvaret. I den fyrste tida etter 1990 var både militære leiarar og tonegivande stortingspolitikarar skeptiske til endringane og risikoar knytte til internasjonale operasjonar. Men sjølv etter år 2000, då idéen om eit moderne, håndterleg og fleksibelt innsatsforsvar fekk gjennomslag, motarbeidde fleire offiserforeiningar reformer, forklarer Græger.

Boka viser korleis forsvarsdebatten blir disiplinert i tider med omstilling ved at kritikk mot fleirtalet si linje, anten det dreiar seg om trusselen frå Russland, Noregs deltaking i Afghanistan eller korleis få fleire kvinner inn i forsvaret, ofte blir avfeia som utdatert.

- Disiplineringa skjer ved at det forsvarspolitiske 'establishmentet' definerer rammene for debatten. Motstandarane sitt syn blir gjerne framstilt som gammaldagse og utdaterte, eller dårleg informerte om 'faktum', anten det gjeld forsvarsinstallasjonar eller trusselbiletet, eller at det berre fremmar eigeninteresser, som arbeidsplassar i kommunen.

 Kamp om røyndomen

I synet på Russland betydde dette at dei som meinte at endringane i trusselbiletet var mellombelse og at geopolitikken er konstant, blei marginalisert og innimellom latterleggjort.

- I boka ser eg forsvarsdiskursen som ein kamp mellom ulike røyndomssyn der skifte oppstår når hovudsynet blir utfordra og etter kvart blir endra og erstatta av eit alternativt syn, seier Græger og utdjupar:

- Det var det som skjedde i Noreg etter år 2000: Tilhengjarane av innsatsforsvaret vann fram. I dag ser vi igjen ei justering i hovudsyn der Russland ser ut som ein mogeleg trussel, men det er ikkje er snakk om eit totalt skifte fordi internasjonale operasjonar framleis er del av Forsvarets verksemd og eit militært karriereløp.

Tilbake til uvisse

Også for utanrikspolitikken er Forsvaret blitt eit viktig instrument, noko som særleg har kome til uttrykk i norsk deltaking i internasjonale operasjonar, opprørsnedkjemping og stabiliseringsoperasjonar.

- Dette hang saman med endringar i trusselbiletet, og at det ikkje fanns nokon konvensjonell trussel mot Noreg. Vesten kunne ta ut fredsdividenden og fremme ein liberal orden. I dag er trusselbiletet meir usikkert, særleg etter den russiske annekteringa av Krimhalvøya i 2014, forklarer Græger.

Kronikk: Usikre rammer for norsk forsvarspolitikk

- For eit lite land er det ikkje berre viktig med eit godt forsvar, men at Noreg støttar opp under ein internasjonal orden basert på folkeretten og sterke internasjonale institusjonar.

Nato sitt fokus er igjen på kollektivt forsvar av eige område. Alliansen rustar opp i Øst-Europa, og spenningane mellom Russland og USA er tilbake.

- Det å manøvrere mellom Putin og Trump i eit meir uføreseieleg tryggingspolitisk farvatn, vil bli utfordrande. Det viktigaste for Noreg framover blir å prioritere forsvarsevna nasjonal, NATO-medlemskapen og delta i kampen mot IS. Dette er sentralt for Norge for å sjå ut som ein god alliert, og for å førebyggje terror mot norske mål eller i Noreg.