Hjelp oss å gjøre siden kjent – tips en bekjent:
Sjølv om folk på Vest-Balkan har hatt ulike religionar og identitetar i mange hundre år, har det vore meir fred enn krig i området. Og det er mange kulturelle forhold som foreiner dei. Dei snakkar eit gjensidig forståeleg språk – enda nærare i slekt enn norsk, dansk og svensk. Dei ser heilt like ut. Dei har same musikktradisjon, mat- og drikkekultur osv. Det som skil, er små nyansar både i språk, klesdrakt, arkitektur, mat og drikke – i tillegg til religion.
Mange har sett det som eit mysterium at krigen i Bosnia kunne bli så blodig. Til ein viss grad var det leigesoldatar frå Serbia og Kroatia som opererte inne i Bosnia, men lokale folk sto likevel for det meste av ugjerningane. Samtidig fanst det mange ekteskap på tvers av religionane (kryssekteskap) før 1991, i det minste i dei store byane som Sarajevo og Mostar. Men det var også i desse byane at kampane var hardast. Korfor?
Spørsmålet over er vanskelig å svare på, men svaret kan ligge i reaksjonar som er meir alminnelege enn vi likar å tru, reaksjonar som kan oppstå i tilfelle der noen opplever at deira kulturelle eigenart er i ferd med å forsvinne og den etniske identiteten mister meining. Under visse omstende kan meir inngifte og utveksling skape større snarare enn mindre fare for ein valdeleg eksplosjon.
Historiene er mange i Bosnia om folk som var i barne- eller tenåra på slutten av 1980-talet, og som kom heim til foreldra og spurte: Er eg bosnjak, eller serbar, eller kroat, eller jugoslav? Det kunne dei ikkje vite, det hadde aldri vore tema i heimen. Eller kanskje var dei av blanda herkomst, for eksempel at mor var serbar (ortodoks kristen) og far var bosnjak.
Da dei første frie vala blei gjennomførte i Jugoslavia i 1989, begynte noen politikarar å framheve og spele på etnisk og religiøs identitet . Demokratisk partipolitikk handlar jo i stor grad om å tydeliggjøre sitt eige parti, blant anna ved å framheve forskjellar til andre: «Stem på meg, eg representerer deg best, og husk at du er ein katolikk/ortodoks/muslim.»