Skip to main content

Tips

Hjelp oss å gjøre siden kjent – tips en bekjent:

Bosnia og Hercegovina: Sameint og splitta på same tid

  • Test deg selv
  • Oppgaver nivå 1 og 2 (av 3)
  • Oppgåver på nivå 3
  • Lenkeforslag til denne artikkelen
  • Arbeidsoppgaver

DEL:

  1. Introduksjon
  2. Kring 1990: Revolusjon i Europa
  3. Landet til sørslavarane - Jugoslavia
  4. Kristne og muslimar
  5. Demokrati og uro
  6. NATO grip inn
  7. Ein unik stat
  8. Bosnia hanglar vidare
Bosnia med naboland
Bosnia i 1991: et etnisk lappeteppe

Kilde: Wikipedia

Bosnia 2006: etnisk fordeling
EU-medlemskap lokkar
1995: Norske lastebilar i FN-kolonne i Bosnia
image
Jugoslavia var ein eigen stat mellom 1918 og 1991.
  • Stemmer
  • Stemmer ikkje

DEL 3: Landet til sørslavarane - Jugoslavia

I områda mellom Ungarn i nord og Hellas i sør – det såkalla Vest-Balkan  – fanst Jugoslavia fram til 1991. Deretter gikk landet i oppløysing tidleg på 1990-talet for etter kvart å bli delt opp i sju uavhengige statar.  Bosnia og Hercegovina (som er den offisielle norske forma) – her bare forkorta til Bosnia – blei ein av desse. Mens oppløysinga av sovjetimperiet gikk ganske fredeleg for seg, blei det atskillig meir bruk av vald i Jugoslavia og især i Bosnia .

Jugoslavia oppsto som ein eigen stat i 1918  – i kjølvatnet av den første verdskrigen. Til å begynne med bar det namnet Kongedømmet av serbarar, kroatar og slovenarar . Men under den andre verdskrigen fikk dei kommunistisk inspirerte partisanane eit overtak i det som både var ein tysk okkupasjon  og ein borgarkrig .  Akkurat som i Norge samarbeidde noen innbyggarar på Vest-Balkan med den tyske okkupasjonsmaktan. Men i motsetnad til i Norge blei kamphandlingane i Jugoslavia særs blodige og grusomme. I 1943 erklærte partisanane Bosnia og Hercegovina som ein delrepublikk innanfor den føderale staten Jugoslavia.

I 1992 ønska litt over halvparten av innbyggarane i Bosnia sin eigen stat, men det var altså langt frå alle. Dei motstridande ønska resulterte i ein borgarkrig som varte til 1995. I den blei nesten 100 000 menneske drepne og over 2 millionar drivne på flukt − nesten halvparten av befolkninga.

For å forstå motsetnadene i dagens Bosnia og Hercegovina må vi langt tilbake i historia . Mange har karakterisert heile Vest-Balkan som eit etnisk og religiøst lappeteppe , især var dette karakteristisk for befolkningssamansettinga i Bosnia. Korfor blei det slik? Noe av svaret ligg i geografien. Vest-Balkan blei eit slags vegkryss for folkevandringar frå aust og så nord, handelsruter, møtepunkt mellom vestlege og austlege delar av Romarriket og mellom kristendommen og islam. Jugoslavia betyr «landet til sørslavarane».

Sørslavarane er altså nært i slekt med russarar, polakkar, slovakar og andre slavarar. Ein antar at slovenarar, kroatar og serbarar var forskjellige folkegrupper, men likevel i nær slekt allereie for ca. 1500 år siden. Da kom dei vandrande frå nord og slo seg ned på Vest-Balkan. Men dei kom naturlegvis ikkje til folketomme område. Noen innbyggarar blei fordrive og drepe, andre blei gifta inn i familiane til dei nye innvandrarane. Blant anna er albanarane etter alt å dømme etterkommarar av folk som bodde på Vest-Balkan før sørslavarane kom frå nord.