Skip to main content

Tips

Hjelp oss å gjøre siden kjent – tips en bekjent:

Klimaforhandlingar i stampe

  • Test deg selv
  • Oppgåver på nivå 1 og 2 (av 3)
  • Lenkeforslag til denne artikkelen
  • Oppgåver på nivå 3
  • Arbeidsoppgaver

DEL:

  1. Introduksjon
  2. Store håp til København
  3. København-avtalen
  4. Etter København
  5. Djup kløft mellom rike og fattige land
  6. Allmenningens tragedie
  7. Alternativ til FN
  8. Historia bak klimaforhandlingane
  9. Kyotoprotokollen (Kyotoavtalen)

Red.: Ivar Windheim

Hvor hender det? Nr. 24
12. mai 2010
Årgang: 2009-2010

Ulike sider ved klimaproblema

Rike og fattige land - ulike syn
Globale CO2-utslepp 1959-2008
Kven står for dei største utsleppa?
Klimaoppvarming - av og til av det gode?
CO2 og andre klimagassar
image
Klimakonvensjonen blei til i Rio i 1997.
  • Stemmer
  • Stemmer ikkje

DEL 1

- Petter Haugneland -

Verdas statsleiarar er einige med klimaforskarane i at vi må redusere utsleppa av klimagassar kraftig dei neste tiåra for å unngå alvorlege konsekvensar av klimaendringar. Men dei er ueinige om korleis ein skal gjøre det. Dei internasjonale klimaforhandlingane har pågått i ei årrekke utan at leiarane er blitt einige om ein effektiv internasjonal avtale som kan etterfølgje Kyotoprotokollen.

Fram mot det 15. partsmøtet til Klimakonvensjonen (Conference Of the Parties – COP15) i København i desember 2009  blei det arbeidd intenst med å få på plass ein arvtakar til Kyotoprotokollen, som går ut i 2012. København-møtet var sett som ein siste frist  for ein ny internasjonal klimaavtale som skulle vere meir ambisiøs enn forgjengaren. Ein ny avtale kom ikkje på plass, og forhandlingane held fram mot neste partsmøte (COP16) som blir halde i Mexico i desember 2010.

  • Kva er historia bak klimaforhandlingane?
  • Kva er det landa forhandlar om?
  • Korfor kom det aldri til noen klimaavtale i København?
  • Kva alternativ finst for vegen vidare?