Skip to main content

Tips

Hjelp oss å gjøre siden kjent – tips en bekjent:

Kart

Etter valet i 2009: Iran - kva for ei framtid?

DEL:

  1. Introduksjon
  2. I kva for ei retning?
  3. Eit land i indre strid
  4. Bruk av fiendebilde
  5. Ustabil situasjon
  6. Einerett på å tolke Koranen?
  7. Etniske skilnader
  8. Forholdet til USA

Red.: Ivar Windheim

Hvor hender det? Nr. 8
16. november 2009
Årgang: 2009-2010

Iran 2009: strid om valresultatet

Ulike sider ved det iranske valet. Kjenner du igjen noen av personane i bilda?

Den øvste leiaren Khamenei
Borgarjournalistikk
Kart over Iran med landa rundt
Atomvåpenfri sone - for kven?
Iran: Kor held dei etniske gruppene til?
image
Pasdaran og Basij er del av det iranske maktapparatet.
  • Stemmer
  • Stemmer ikkje

DEL 1

- Daniel Heradstveit -

Dei dramatiske hendingane knytte til presidentvalet i Iran 12. juni i år, har på ein gjennomgripande måte endra den politiske situasjonen i landet. Aldri før i den 30-årige republikkens historie har det vore så store demonstrasjonar mot regimet. Hendingane etter valet har skapt ei djup kløft i eit land der frontane står steilt mot kvarandre.

Opprøret etter valet var eit opprør ikkje berre mot påstått valfusk , men òg mot den islamske republikken som styreform . Det blei da også slått ned med hard hand. Likevel tyder mykje på at det på ein eller annan måte vil føre til endringar i Iran. Det gjeld dei politiske institusjonane i republikken så vel som den iranske politiske kulturen.

  • Kven sto mot kvarandre ved valet i Iran i juni 2009?
  • Kva går maktkampen i Iran ut på?
  • På kva måte kan utviklinga i Iran påverke det internasjonale samfunnet?