Skip to main content

Kart

Jordas tilstand

NR. 19 2009
Ivar Windheim

I rapporten Global Environment Outlook (GEO-4) kjem FNs miljøprogam med ei oppsummering av jordas helsetilstand – globalt og regionalt.
Til artikkelen

 
Døde barn før fylte fem år.

Kva er årsaker til at så mange barn dør før dei fyller fem år?


Innan- og utandørs luftforureining tar mange liv.

Kor i verda er luftforureininga størst?


Grafen viser det globale energiforbruket fordelt på ulike energikjelder.

Kor berekraftig er energiforbruket?


Forsalting av jord - kunstig vatning kan gjøre jorda meir produktiv, men også mindre produktiv.

Blir jorda alltid meir produktiv av kunstig vatning?

Foto: unep.org


Algar i sjøen.

Foto: unep.org


Rapporten Global Environmental Outlook 4 oppsummerer jordas helsetilstand.

Kjelde: unep.org


Ikkje alle sett like store spor etter seg.

Kor i verda set enkeltmenneska størst økologisk fotavtrykk etter seg? Kor overgår det økologiske fotavtrykket den biologiske kapasiteten til regionen?

 

Arbeidsoppgaver

Har du lese artikkelen ordentleg?

1. Mellom 1987 og 2009 har befolkninga i verda stige frå 5 mrd. til 6,8 mrd. menneske.

Spørsmål 1

Spørsmål Hvor hender det? nr. 19 2008-2009

Nivå 1

  1. Kor mye har verdas befolkning auka i perioden 1987−2009?
  2. Kva meiner vi med tenester frå økosystema?
  3. Kor lange «levetid» har forureinande stoff som blir sleppte ut i atmosfæren?
  4. Kva er kjeldene til innandørs forureining (i u-land)?
  5. Korleis vil du forklare den auka mengden av ozon i troposfæren samtidig som redusert ozonlag også er eit milljøproblem?
  6. På kva for eit grunnlag kan ein seie at bortfallet av artar går føre seg 100 gonger raskare i dag enn tilfellet var i tidlegare tider?
  7. Kva kan vere grunnen til at miljøgifter hopar seg meir opp i polarområda enn elles i verda?
  8. Kva har skjedd med trafikken i verdas transportårer sidan 1987?

Nivå 2

  1. Biologisk mangfald kjem til uttrykk på tre nivå. Gjør greie for desse tre nivåa.
  2. Kor mye kan den globale gjennomsnittstemperaturen etter alt å dømme komme til å stige med i perioden 1800−2100?
  3. Korleis ser vi dei globale klimaendringane konkret komme til uttrykk?
  4. Korfor er folk i u-land meir sårbare for klimaendringar enn folk i i-land?
  5. Kva meiner vi med at jordbruket blir drive meir intensivt enn før?
  6. Korfor er ikkje kunstgjødsel og kunstig vanning i jordbruket bare av det gode?

Arbeidsoppgåver

  1. Drøft påstanden: «Det vil koste for mye å gjennomføre omfattande miljøtiltak no.»
  2. Diskuter i grupper på fire−fem kva de meiner er dei fem viktigaste tiltaka for å nå fram til ei berekraftig utvikling. Kvar gruppe legg fram sine prioriterte tiltak og argumenterer kort for kvart av tiltaka og rangeringa av dei. Diskuter deretter i samla klasse og lag ei liste med klassens fem prioriterte tiltak.
  3. Drøft korfor det er så viktig å ta vare på det biologiske mangfaldet.

Lenkeforslag Hvor hender det? nr. 19 2008-2009