Skip to main content

Tips

Hjelp oss å gjøre siden kjent – tips en bekjent:

Jordas tilstand

DEL:

  1. Introduksjon
  2. Samanheng mellom utvikling og miljø
  3. Luftforureining
  4. Klimaendringar
  5. Forvaltinga av jord
  6. Forvaltinga av vatn
  7. Biologisk mangfald
  8. Svært langsamt i riktig retning
Døde barn før fylte fem år.

Kva er årsaker til at så mange barn dør før dei fyller fem år?

Innan- og utandørs luftforureining tar mange liv.
Grafen viser det globale energiforbruket fordelt på ulike energikjelder.
Forsalting av jord - kunstig vatning kan gjøre jorda meir produktiv, men også mindre produktiv.
Algar i sjøen.
Rapporten Global Environmental Outlook 4 oppsummerer jordas helsetilstand.
Ikkje alle sett like store spor etter seg.
image
Globalt står fiske, skogbruk og jordbruk for om lag 10 prosent av all sysselsetting.
  • Stemmer
  • Stemmer ikke

DEL 2: Samanheng mellom utvikling og miljø

Tanken om utvikling har ført spørsmålet om velferd inn i politikkens sentralfelt. Velferd for menneske er eit resultat av utvikling, som igjen er nær knytt til tilstanden i naturmiljøet.

 

I 1987 peikte Brundtland-kommisjonen (Verdskommisjonen for jordas miljø og utvikling) på at miljø, økonomi og sosiale forhold er uløyseleg samanvevde. «Motorane» i det tiltakande presset på naturmiljøet er befolkningsvekst, økonomiske aktivitetar, auka forbruk og nye forbruksmønster. Det er derfor mange hinder som står igjen på vegen fram til berekraftig utvikling – FNs sjuande tusenårsmål . Faktum er at miljøomsyn bare i liten grad er blitt trekte inn i utviklingsprosessar.

 

Miljøforverring fører utan tvil til helseproblem, blant anna kreft, smittsame sjukdommar, meir smitte frå dyr til menneske, ernæringsproblem og luftvegssjukdommar. Miljøet er ein viktig base for menneskas økonomiske verksemd. Globalt står fiske, skogbruk og jordbruk for 50 prosent av all sysselsetting. Ikkje-berekraftig bruk av naturressursar som jord, vatn, skog og fisk kan truge einskildhushaldningar så vel som lokale, nasjonale og regionale økonomiar.

 

Berekraftig samvirke mellom menneske og naturmiljø er avgjørande for å kunne nå dei andre tusenårsmåla. Naturressursar er sjølve livsgrunnlaget – gir levebrød – for mange av verdas fattige. Naturkapitalen står for om lag ein firedel av inntektene i lavinntektsland. Og nær ein femdel av den totale sjukdomsbyrda i u-land må sjåast i samanheng med miljøtruslar.