Hjelp oss å gjøre siden kjent – tips en bekjent:
Naturmiljøet – sjølve grunnlaget for menneskeleg og annan eksistens – blir ofte skove til side av andre og tilsynelatande meir presserande saker. Men korleis står det til med dei meir «stillegåande» naturprosessane og menneskas forhold til omgivnadene? I rapporten Global Environment Outlook (GEO-4) kjem FNs miljøprogam med ei oppsummering av naturtilstanden – globalt og regionalt. Denne artikkelen er utdrag frå og ei fortetting av GEO-4-rapporten.
Verda er radikalt endra sidan 1987 – sosialt, økonomisk og miljømessig. Verdas befolkning har auka frå ca. 5 mrd i 1987 til ca. 6,8 mrd (2009 ). I samme periode har verdsøkonomien vakse – også per innbyggar. Men veksten er ulikt fordelt mellom grupper, land og regionar.
I perioden har det også funne stad formidable teknologiske endringar . Slåande døme ser vi både i forbetringar og veksten i bruken av telekommunikasjonar – ikkje minst den sterke framveksten av internett. Befolkningsvekst og økonomisk vekst (med meir forbruk per innbyggar) har til saman ytterlegare auka presset på naturressursane.