Hjelp oss å gjøre siden kjent – tips en bekjent:
Jan M. Haakonsen er sosialantropolog med mange opphald bak seg i Somalia og no spesialrådgivar i Norges forskningsråd i Avdeling for globale utfordringar med ansvar for Afrika.
Red.: Ivar Windheim
Hvor hender det? Nr. 5
24. september 2007
Årgang: 2007-2008
Seksten år med meir eller mindre samanhengande borgarkrig i Somalia tok ei dramatisk og uventa vending i romjula 2006. Troppar frå den somaliske overgangsregjeringa (Transitional Federal Government – TFG) med massiv støtte frå etiopiske styrkar endra maktbalansen i Sør-Somalia i løpet av få dagar. Dei overtok kontrollen over det meste av det territoriet som ein union av islamske domstolar (Union of Islamic Courts – UIC) hadde erobra, mellom anna hovudstaden Mogadishu.
Trass den raske militære sigeren kan ikkje TFG seiast å ha fått kontroll over heile landet. TFG-regimet er svakt med store indre motsetnader, og det blir stadig utsett for angrep frå dei radikale islamistane. Den bristande kontrollen blir også synleg ved at heile den nordvestlege delen av landet har operert som ein sjølverklært sjølvstendig stat under namnet Somaliland (sidan 1991) med eigen demokratisk vald president og parlament. Så langt har likevel ingen land godkjent den nye staten. Somaliland har makta å bygge opp eit styringsverk som heilt manglar i resten av Somalia. Også Puntland – det nordaustlege hjørnet av Somalia – har erklært seg (delvis) sjølvstendig (i 1998).