Skip to main content

Tips

Hjelp oss å gjøre siden kjent – tips en bekjent:

Kart

India - Asias nye mirakel?

DEL:

  1. Introduksjon
  2. Smertefull fødsel
  3. Ny politikk – ny giv
  4. Skeiv fordeling av goda
  5. Første bod: Alle på skolebenken
  6. India tar igjen Kina
  7. Stormakta India
  8. Gryande miljøkrise

Torbjørn Færøvik er forfattar og historikar med Asia som spesialfelt. I 1999 fekk han Brageprisen for boka INDIA – Stevnemøte med skjebnen. faeroevi@online.no

Red.: Ivar Windheim

Hvor hender det? Nr. 16
04. februar 2008
Årgang: 2007-2008

DEL 1

- Torbjørn Færøvik -

15. august 2007 fylte India seksti år. Dagen blei markert med festtaler og store paradar. «Vi er ein ung nasjon, og det beste ligg enno framfor oss!» erklærte statsminister Manmohan Singh. Andre uttrykte seg på samme vis, men åtvaringane var også mange. Same år voks den indiske økonomien med vel ni prosent, og utsiktene for 2008 er også gode. Mange omtaler landet som «eit nytt Kina». Til saman har dei to gigantane 2,5 milliardar innbyggarar. Lykkast dei, vil mye vere vunne i kampen mot armoda i verda. Mislykkast dei, vil det få alvorlege globale verknader. Derfor angår India og Kina også oss.

  • Korleis har utviklinga vore i India dei siste tiåra?
  • Kva for hovudutfordringar står India overfor?
  • Korfor angår India oss?