Hjelp oss å gjøre siden kjent – tips en bekjent:
Aina Holm er rådgjevar i Utanriksdepartementet og tidlegare studentstipendiat ved Nupi.
Red.: Ivar Windheim
Hvor hender det? Nr. 14
16. januar 2006
Årgang: 2005-2006
FNs tusenårsmål er blitt eit sentralt omgrep for dei fleste som er opptatte av bistands- og utviklingsspørsmål. Alle dei åtte måla omhandlar internasjonale utfordringar knytte til å avskaffe naud, fattigdom og miljøforringing, og 2015 er blitt sett som tidsfrist for når måla skal vere nådde. På FNs toppmøte i september 2005 blei status for Tusenårsmåla diskutert, og det blei der tydeleg at verda ikkje er i rute for å nå måla innan år 2015. Ikkje minst verkar den politiske viljen å vere liten i mange givarland.